Opnar for 20 prosent meir mjølkeproduksjon

Landbruks- og matdepartementet har i dag fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 1,20 for 2025, medan forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk vert vidareført på 0,95. Departementet fastsette dette etter drøftingar i møte med Norges Bondelag, Norsk Bonde- og Småbrukarlag, Q-meierienes produsentlag, marknadsregulator Tine SA og Landbruksdirektoratet.

– Folk drikk meir mjølk i dag enn dei gjorde før. Det er positivt for inntekta til bonden, den norske sjølvforsyninga og helsa til folk. Kvoteordninga skal bidra til at norske mjølkeprodusentar kan dekke den auka etterspurnaden, samstundes som den gjer mjølkeprodusentane stabile rammevilkår. Me fastsette difor eit historisk høgt forholdstal for 2025 som gjer kvar bonde moglegheit til å produsera 20 prosent meir mjølk, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

I dei årlege kvotedrøftingane kjem marknadsregulator med ei anbefaling om forholdstalet for kommande år. Jordbrukets organisasjonar og Q-meierienes produsentlag kjem òg med sine råd. Deretter fastsett Landbruks- og matdepartementet kvotane for ku- og geitemjølk for kommande år.

Kumjølk

Tine gjorde i møtet greie for status for leveransar i inneverande år, samt prognoser for leveransar og marknadsbehov i 2025. Marknadsbehovet i 2025 er venta å være om lag 1 510 millionar liter mjølk. Tine anbefalte eit forholdstal på 1,17.

Vi er i ein situasjon med høg etterspurnad etter norsk mjølk. Departementet meinte derfor det er rom for å sette eit høgare forholdstal enn 1,17. Landbruks- og matdepartementet fastsette på denne bakgrunn forholdstalet på disponibel kvote for kumjølk for 2025 til 1,20.

Geitemjølk

Tine prognoserer ein mjølkeinngang i 2025 på 17,6 millionar liter geitemjølk, og eit marknadsbehov på 12,9 millionar liter. Tine anbefalte å vidareføre forholdstalet frå 2024 på 0,95.

Det er låg og fallande etterspurnad etter geitemjølk, men av omsyn til eksisterande produksjonsmiljø er det ikkje hensiktsmessig å senke forholdstalet. Landbruks- og matdepartementet fastsette derfor forholdstalet på disponibel kvote for geitmjølk til 0,95 for 2025.