Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022:

Opnar for meir bruk av leige til eige-avtalar i burettslag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa vil støtte opp under sjølveigardemokratiet og foreslår derfor å legge betre til rette for meir bruk av leige til eige-ordninga for bustadeiningar i burettslag. Det vil hjelpe fleire inn i boligmarknaden.

– Vi ser at dagens skattereglar for bustadselskap kan legge hindringar for meir utstrakt bruk av leige til eige. Vi aukar derfor grensa for kor stor del av bustadane i eit bustadselskap som kan bli leigd ut innanfor leige til eige-ordninga. Formålet er å legge til rette for at fleire førstegongskjøparar kan kome inn på bustadmarknaden, seier finansminister Jan Tore Sanner (H).

Regjeringa foreslår at leige til eige-kontraktar som er innanfor 30 prosent av selskapets totale inntekter, ikkje skal reknast som eksterne leigeforhold i relasjon til utleigegrensa på maksimalt 15 prosent. I samsvar med det som er vanleg på marknaden, foreslår regjeringa ei avgrensing i tid på 5 år for utleige av den einskilde bueininga.

Eit forslag til endring av skattereglane for bustadselskap vart sendt på høyring 21. mai 2021, med høyringsfrist 20. august 2021. Alle bransjeorganisasjonane og- aktørane som har gitt høyringsfråsegn er positive til at det blir løyst opp i skattemessige hindringar for meir utstrakt bruk av leige til eige.

Les meir i Prop. 1 LS (2021-2022) Skatter, avgifter og toll 2022, avsnitt 3.4.