Presseinvitasjon:
Opnar Mosvatnet naturreservat
Nyheit | Dato: 21.08.2025 | Klima- og miljødepartementet
Laurdag 23. august er det offisiell markering av at Mosvatnet er verna som naturreservat.
– Eg er stolt og glad for at Mosvatnet i Stavanger no er verna, og det fortener ei skikkeleg feiring. Eg veit kor mykje denne nærnaturen tyder for folk i Stavanger, og for fuglelivet lokalt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Regjeringa har bestemt at Mosvatnet i Stavanger skal vernast. Laurdag 23. august blir det ei offisiell markering av vernet. Statsminister Jonas Gahr Støre og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen deltek saman med fylkesmiljøvernsjefen hos Statsforvaltaren i Rogaland, ordførar i Stavanger Tormod W. Losnedal leiar av utval for klima og natur i Stavanger Kjartan Alexander Lunde, og representantar for Naturvernforbundet i Rogaland.
Mosvatnet er ein av dei mest artsrike innsjøane i Rogaland for fugl, og ein viktig stad for flaggermus . Du kan lese meir om vernet her.
Når: Laurdag 23. august, 10.00-11.00.
Kor: Mostun natursenter, Henrik Ibsensgate 59, Stavanger