Revidert nasjonalbudsjett
Opprettar Statens villreinfond
Nyheit | Dato: 12.05.2026 | Klima- og miljødepartementet
Regjeringa vil opprette Statens villreinfond for å ta betre vare på villreinen.
– Tilstanden til villreinen i Noreg er kritisk, og det hastar å få på plass tiltak. Arbeiderparti-regjeringa opprettar difor eit villreinfond som skal bidra til å betale for tiltak som kan betre situasjonen for villreinen. Pengane skal kome frå dei som har konsesjon til å drive vasskraft, og der utbygginga påverkar villreinen negativt, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Vasskraft kan ha stor negativ påverknad på villreinen. Dei som har konsesjon til å drive med vasskraft kan difor bli pålagde å betale inn eit eingongsbeløp om dei ikkje finn andre måtar å leggje til rette for villreinen på. Desse pengane skal gå til å opprette Statens villreinfond. Fondet skal betale for tiltak som skal betre situasjonen for villreinen, spesielt villrein som er påverka av vasskraftutbygging.
Det ligg per no pålegg om å innbetale 54 millionar kroner til fondskontoen frå dei som har konsesjon for å drive med vasskraft, til bruk på villreintiltak både i år og kommande år. Det kan i tillegg kome nye innbetalingar i kommande år som følgje av nye pålegg.
Miljødirektoratet skal forvalte fondet, medan Noregs vassdrags- og energidirektorat har ansvaret for å krevje inn eingongsbeløpa.
Tilskotsmidlane vil bli lyste ut av Miljødirektoratet så snart som mogleg.