Historisk arkiv

Ørn viktig for naturbasert reiseliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Natur og dyreliv er sentralt for å tiltrekke seg turistar, og havørn og kongeørn er viktige for Noreg som reiselivsdestinasjon.

Det viser ein ny rapport som Menon Economics og Ecofact har utarbeidd på oppdrag frå Miljødirektoratet.

– Naturen er verdifull av mange grunnar. Denne rapporten viser at havørn og kongeørn er viktig for norsk turisme. Det er bra at vi får meir kunnskap om korleis naturen har  betydning for turistnæringa, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Rapporten frå Menon Economics og Ecofact viser  til at reiselivsnæringa i dag sysselsett fleire enn sjømatnæringa, landbruksnæringa og oljeutvinning til saman og at det er ein sterk global vekst i det naturbaserte reiselivet.

Menon Economics og Ecofact meiner det er eit stort potensial for auka aktivitet i naturbasert reiseliv i Noreg, og at natur og dyreliv er sentralt for å tiltrekke seg turistar. Vidare trekk dei fram havørn og kongeørn som viktige symbolartar for Noreg som reiselivsdestinasjon.

Ørn er  allereie i dag viktig i verdiskaping og sysselsetting for naturbasert reiseliv i følgje rapporten.Reiselivsnæringa blir vurdert å vere sårbar for negative endringar. Ei meir aktiv forvaltning av kongeørn kan til dømes innebere risiko for svekka omdømme, noko som kan gje konsekvensar også for andre aktørar enn dei som arbeider direkte med ørneopplevingar. Den direkte negative påverknaden blir anslått å vere på 25-100 millionar kroner i året og 50-220 tapte arbeidsplassar, men dei negative ringverknadene kan bli langt større.

– Forvaltning av kongeørn og havørn er noko som jamleg blir debattert, og det er ulike syn på korleis forvaltninga skal vere. Det må takast omsyn til fleire ulike interesser i vurderingane, og vi har hatt  behov for å få meir kunnskap om samanhengen mellom ørn og reiseliv, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Her kan du lese rapporten frå Menon Economics og Ecofact