Over 160 millionar euro til grøn omstilling i Polen
Nyheit | Dato: 01.10.2026 | Energidepartementet
Statssekretær Snorre Erichsen Skjevrak deltok denne veka på lanseringa av programmet for grøn omstilling under EØS-midlane i Polen. Programmet skal blant anna støtte prosjekt innan fornybar energi, energieffektivisering og CO₂-handtering, med ei ramme på over 160 millionar euro.
– Polen er ein svært viktig samarbeidspartnar for Noreg. Norsk gass dekkjer over 40 prosent av Polen sitt gassforbruk, og Equinor er ein sentral aktør i utviklinga av polsk havvind. Gjennom EØS-midlane styrkjer me samarbeidet ytterlegare, og i den komande perioden vil CO₂-handtering vere eit viktig satsingsområde, seier Erichsen Skjevrak.
EØS-midlane er Noreg sitt bidrag til å redusere sosiale og økonomiske forskjellar i Europa. I tillegg skal EØS-midlane bidra til å styrkje samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Polen er den største mottakaren i komande periode, med eit budsjett på totalt 924,9 millionar euro.
I tilknyting til lanseringa arrangerte det polske klimadepartementet eit eige seminar om karbonfangst, -utnytting og -lagring (CCUS). Lanseringa samla representantar frå polske styresmakter, næringsliv, forskingsmiljø og internasjonale partnarar.
– Det er positivt å sjå den aukande interessa for CO₂-handtering i Polen, og at dei også vil bruke EØS-midlar i dette arbeidet. Her kan me dele norske erfaringar og bidra med kunnskapsdeling og kompetansebygging, seier Erichsen Skjevrak.
I løpet av besøket fekk statssekretæren også sjå resultat av eit tidlegare EØS-støtta prosjekt ved Siekierki kraftvarmeanlegg i Warszawa. Anlegget, som forsyner store delar av byen med fjernvarme og elektrisitet har fått støtte til ombygging av ein kjele frå kull til biomasse.