Dagens gruppeunntaksforordning for offentleg støtte, forordning (EU) nr. 651/2014 (GBER), er gyldig til og med 31. desember 2026. Det har noko å seie for støttegivarar som alt har sett i verk, eller som vil setje i verk, ny støtte etter gruppeunntaket.

Støtteordningar som er sette i verk innan 31. desember 2026, vil framleis vere omfatta av unntaket frå meldeplikta til EFTAs overvakingsorgan (ESA) i ein omstillingsperiode på seks månader, ifølgje GBER artikkel 58 nr. 4.  Det vil seie at desse ordningane vil vere gyldige fram til 1. juli 2027. Før omstillingsperioden på seks månader er over, må støttegivar sjå til at ordninga framleis har eit rettsleg grunnlag. Om det ikkje finst noko rettsleg grunnlag eller godkjenning frå ESA for støtta etter omstillingsperioden, må ordninga avviklast innan 1. juli 2027.

Europakommisjonen arbeider for tida med eit utkast til ny GBER, og tek sikte på at forordninga vil ha verknad i EU frå 1. januar 2027. Før norske støttegivarar kan nytte den nye forordninga må han takast inn i EØS-avtalen. Det vil skje på eit seinare tidspunkt i 2027.

Når nye GBER trer i kraft i Noreg, vil han ha tilbakeverkande kraft for tiltak som er sette i verk etter 1. januar 2027. Det betyr at tiltak som vert sette i verk i perioden mellom gamle og nye GBER, og som i utgangspunktet vert ramma av iverksetjingsforbodet, vert lovlege i ettertid gitt at vilkåra i nye GBER er oppfylte.

Støttegivarar som ønskjer å sette i verk GBER-støtte i perioden mellom den gamle og den nye forordninga, bør ta atterhald om at støtte kan krevjast betalt attende gitt at nye GBER ikkje vert teke inn i EØS-avtalen.