Overgangsordning for Sentral godkjenning blir forlenga til 1. juli 2025

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Forlenginga av overgangsordninga skal sikre føreseielege rammevilkår for næringa fram til nye reglar i plan- og bygningslova er på plass.

Overgangsordninga blei innført i 2016 og har blitt forlenga fleire gonger. Ordninga skulle etter planen avviklast frå 1. juli 2023. Dette har skapt bekymring, spesielt hos anleggsbransjen.

Kommunal- og distriktsdepartementet har bestemt å forlenga overgangsordninga for kvalifikasjonskrav i Sentral godkjenning til 1. juli 2025.

Overgangsordninga inneber at føretak som fekk Sentral godkjenning før 1. januar 2016, kan vere trygge på at tidlegare gitt godkjenning kan fornyast utan endringar. Ved søknad om endra godkjenningsområde eller tiltaksklassar, må derimot kvalifikasjonskrava framleis oppfyllast fullt ut.

Om det ikkje er kome nye reglar på plass innan 2025, må departementet vurdere overgangsordninga på nytt.

Pressemelding 8. desember 2022: Forlenger overgangsordninga for Sentral godkjenning

Forskrift om endring i forskrift om byggesak (byggesaksforskriften) - Lovdata