Per Strand utnemnd til nytt åremål som direktør i DSA
Nyheit | Dato: 06.03.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Per Strand (f. 1961) fekk i statsråd fredag 6. mars eit nytt åremål på seks år som direktør for Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
Strand blei første gang utnemnd som direktør for DSA i august 2020.
DSA heitte før 2019 Statens strålevern, og Strand har vore ein del av etaten sidan 1986. Han starta som forskar, og frå 1998 til 2019 var han avdelingsdirektør med ansvar for miljø og atomberedskap. Med andre ord har han lang erfaring frå både fagleg arbeid og leiing, og har følgt utviklinga i strålevern og atomtryggleik gjennom fleire tiår.
Strand er utdanna cand. scient. frå Universitetet i Oslo i 1986, der han skreiv hovudoppgåve om DNA-skadar som følge av stråling. I 1994 fullførte han grada dr. philos. ved Det medisinske fakultetet ved Universitet i Oslo med ei avhandling om strålevern og radioøkologi.
I perioden 2008–2020 hadde Strand ei professor II-stilling hjå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet for å styrke samarbeidet i fagmiljøet innan radioaktivitet og strålevern.
– I urolege tider som desse er det godt med kontinuitet, og det er inga tvil om at Per Strand – som begynte i dåverande Statens strålevern etter Tsjernobyl-ulykka i 1986 – har dette. Per Strand har gjort ein svært god jobb i ei tid der vi nok ein gang har opplevd at strålevern og atomtryggleik har blitt aktualisert. Eg ønsker Strand framleis lykke til i ein viktig jobb, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.