Regjeringa vil innføre aldersgrense for bruk av sosiale medium
Positiv tilbakemelding frå EU til ny lov om sosiale medium
Nyheit | Dato: 13.08.2026 | Barne- og familiedepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Regjeringa arbeider for at barn under 15 år ikkje skal ha tilgang til sosiale medium. No har lovforslaget fått positiv respons i EØS-høyringa.
– Arbeiderparti-regjeringa tryggjer barns digitale kvardag, og vil innføre ei aldersgrense for bruk av sosiale medium frå 1. januar det året ein fyller 16 år. Vi har no fått positive og nyttige tilbakemeldingar frå ESA og EU-kommisjonen, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
Arbeidet med aldersgrense på sosiale medium er ein del av ein breiare innsats for å styrkje dei digitale oppvekstvilkåra til barn. Regjeringa har mellom anna presentert skjermråd, styrkt det digitale tilsynet av marknadsføring mot barn, og det har kome ei tydeleg nasjonal tilråding mot mobil og smartklokker på skulen.
– Norge går føre i arbeidet for ein trygg digital oppvekst, og set det beste for barna først. No tek vi sikte på å leggje fram ei ny lov om sosiale medium for Stortinget innan året er omme, seier Vågslid.
Ingen EU-land har i dag aldersgrense på sosiale medium. Når medlemsstatar føreslår nye lover eller forskrifter som inneheld reglar for informasjonssamfunnstenester, skal forslaga sendast på EØS-høyring for å bidra til å hindre handelshindringar i den indre marknaden.
Kan gå vidare
Noreg fekk tilbakemelding frå ESA 5. august og EU-kommisjonen 10. august. Det kjem fram av høyringsinnspela at verken e-handelsdirektivet eller DSA er til hinder for ei norsk lov om aldersgrense i sosiale medium, så framt lova ikkje legg plikter på tilbydarar av sosiale medium. Kommisjonen uttaler at det ikkje ser ut til at lovforslaget er i konflikt med DSA. Samtidig peikar ESA og Kommisjonen på enkelte mindre endringar som kan vurderast for å sikre at lova er i samsvar med EØS-retten.
Brev frå EU-kommisjonen
Brev frå ESA
– Eg er glad for at ESA og Kommisjonen er positiv til Noregs arbeid med ei aldersgrense på sosiale medium. Tilbakemeldinga viser at vi kan gå vidare med ei nasjonal aldersgrense, seier digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung.
Regjeringa vil innføre ei nasjonal aldersgrense som skal handhevast gjennom forordninga om digitale tenester (DSA). Det er i tråd med liknande lovforslag i Europa og føreset at tilbydarane via DSA får ansvar for å verifisere alderen på brukarane.