Nett-tv Kontaktkonferansen for forsking og høgare utdanning

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

På konferansen møter statsråden leiarar ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta for å diskutere utviklinga av forsking og høgare utdanning i Noreg.

Vi står i ein krevjande politisk situasjon. Vi står midt i eit gjennomgripande teknologiskifte. Vi veit vi treng kompetanse og folk framover innafor dei viktigaste yrka for samfunnet.

Korleis skal kunnskapsinstitusjonane og fagpersonane møte desse utfordringane? Kva betyr den teknologiske utviklinga for tryggleiken i internasjonalt samarbeid?

Program

Internasjonalt forskings- og utdanningssamarbeid i ei ny geopolitisk tid

09:30 – 10:30 Registrering

Sesjon 1

10:30 – 12:15 Statsråden si økt

Innleiing ved statsråd Sigrun Aasland

Spørsmål og kommentarar

12:15 – 13:15 Lunsj

Sesjon 2

13:15 – 13:25 Musikalsk innslag ved Sárá Nilut, student ved Samisk høgskule

13:25 – 15:00 Korleis samfunnsutviklinga påverkar kunnskapsinstitusjonane

Vi ser nærare på korleis endringar i samfunnet påverkar kunnskapsinstitusjonane og den enkelte fagpersonen.

– Hovudinnlegg ved Tove Bjørgaas (NRK)

– Spørsmål og kommentarar

– Innspel frå Kyrre Lekve (Institutt for samfunnsforsking)

– Innspel frå Kari Aga Myklebost (UiT – Noregs arktiske universitet)

– Spørsmål og kommentarar

15:00 – 15:30 Pause

Sesjon 3

15:30 – 17:05 Teknologi, tryggleik og demokrati

Vi ser på kva den teknologiske utviklinga betyr for internasjonalt samarbeid. Tema som globale trendar, kunstig intelligens i stormaktspolitikk, geopolitikk, big tech og nye sårbarheiter for demokrati – inkludert informasjonslandskapet og påverknad av val – blir drøfta.

– Niels Nagelhus Schia, forskar 1 og leiar for forskingsgruppa for tryggleik og forsvar, og NUPIs senter for ny teknologi. Det blir sett av tid til spørsmål frå salen.

– Panelsamtale om korleis den nye geopolitiske situasjonen påverkar kunnskapssektoren når det gjeld tryggleik, beredskap, internasjonal kunnskapsdeling og kunnskapsberedskap. Samtalen blir leia av Dag Thomas Gisholt (Kunnskapsdepartementet).

Paneldeltakarar:

  • Tor Grande (NTNU)
  • Camilla Stoltenberg (NORCE)
  • PST (tbc)
  • DEKSA – Direktoratet for eksportkontroll og sanksjonar (tbc)

17:05 – 17:15 Avslutning ved statsråd Sigrun Aasland

For pressa

Det blir moglegheiter for intervju. Journalistar bør melde seg på. Hugs gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Kjersti Thoresen: Kjersti.Thoresen@kd.dep.no

Strøyming

Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgast direkte. Lenke kommer senere. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.