Nett-tv Kontaktkonferansen 2025

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

På konferansen møter statsråden leiarar ved universiteta, høgskulane og forskingsinstitutta for å diskutere utviklinga av forsking og høgare utdanning i Noreg.

Vi står overfor store, akselererande samfunnsutfordringar. Vi står midt i eit gjennomgripande teknologiskifte. Vi står i ein ny geopolitisk situasjon. Vi manglar kompetanse og folk innan kritiske yrke. Samstundes skal Noreg gjennom den største omstillinga av økonomien i moderne tid. Korleis kan forsking og høgare utdanning ruste Noreg til å møte desse utfordringane?

Sesjon 1

10:30 – 12:15: Statsrådens time

Innleiing v/ statsråd Oddmund Hoel

Spørsmål/kommentarar frå salen til statsråden.

Sesjon 2

13:15 – 13:25: Musikalsk innslag ved Adama Janlo og Sondre Tandberg, bachelorstudentar, utøvande rytmisk musikk, NLA høgskulen.

13:25 – 15:00: Geopolitikk

Sesjon om korleis den geopolitiske situasjonen krev endringar innan forsking og høgare utdanning og reiser spørsmål i skjeringsfeltet mellom kunnskapspolitikk og tryggleik, med kommentarar frå representantar frå UH- og instituttsektoren.

– Hovudinnlegg ved statsminister Jonas Gahr Støre

– Spørsmål/kommentarar frå salen til innleiar

– Kommentar ved Kari Margrethe Osland (Norsk utanrikspolitisk institutt)

– Kommentar ved Mette Halskov Hansen (Universitetet i Oslo)

– Spørsmål/kommentar

15:00 – 15:30 Pause

Sesjon 3

15:30 – 17:00 Omstilling i akademia

Innleiing og panelsamtale om sektoren sett utanfrå og omstilling i akademia.

– Lars Geschwind (KTH) analyserer styrkar og utfordringar innanfor høgare utdanning og forsking i Noreg samanlikna med naboland/Europa. Det blir sett av tid til spørsmål frå salen.

– Panelsamtale om korleis kunnskapssektorane skal omstille seg gitt gjeldande økonomiske rammer, leia av Tove Lie (Khrono.no).

Paneldeltakarar:

  • Henrik Wegener (rektor Københavns universitet)
  • Rune Todnem By (Universitetet i Stavanger)
  • Eli Smeplass (NTNU)
  • Kristin Halvorsen (CICERO)
  • Sanna Sarromaa (journalist Minerva)

For pressa

Det blir moglegheiter for intervju. Journalistar bør melde seg på. Hugs gyldig ID (førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort). Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgjevar Anneline Svensen anneline.svensen@kd.dep.no.

Strøyming

Arrangementet blir filma av Digitaliseringsorganisasjonen til departementa (DIO) og kan følgast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn innbyggingskode ved å trykke «Del video»-knappen i videospelaren på sida.