Historisk arkiv

Presseinvitasjon: Røe Isaksen på havturné til Nord-Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

Måndag 16. april til onsdag 18. april reiser næringsminister Torbjørn Røe Isaksen på havturné til Nordland, Troms og Finnmark. Pressa er velkommen til å delta på heile programmet.

Røe Isaksen skal besøke ein rekke stadar langs kysten, frå nord til sør, fram til sommaren. Noreg har ein av verdas lengste kystlinjer, og over 200 000 personar jobbar innanfor sjømat, maritimt og olje- og gass.

Næringsministeren ønsker å møte dei som har gode idear, utviklar nye og spannande teknologiar, og som trur at havet er framtida for Noreg.

- Havet har alltid vore viktig for Noreg, og havnæringane har betydd mye for arbeidsplassane og for vekst i den norske økonomien. Havområda våre byr på enorme mogelegheiter også i framtida, seier Røe Isaksen.

Program:

Måndag 16. april

  • Avreise Oslo - Kirkenes
  • Kl 11:30 – 12:40 Besøke Kirkenes Snowhotel og ut på kongekrabbesafari
  • Kl 12:50 – 14:20 Kirkenes hamn – tur med Havnevesenet sin isbrytar og brief om dei nye planane for hamna i Kirkenes (maks 12 personar – pressa må vere raske med påmelding)
  • Kl 14:30 – 15:15 Bedriftsbesøk Kimek, verkstaden lengst nord i verda for reparasjon av skip.
  • Kl 19:00 – Avreise Kirkenes-Tromsø
  • Kl 24:00 – 07:00 Hurtigruten Tromsø-Harstad. Vi møter kapteinen på brua kl 24:00 i Tromsø. Tysdag morgon når vi legger til kai i Harstad får Røe Isaksen helse på lærlingane om bord (kl 07.45 til 08.30).

Tysdag 17. april

  • Kl 07:45 – 08:30 Møte lærlingar på Hurtigruten i Harstad. 
  • Kl 08:40 – 10:40 Skyss med Kystvaktskip, vi seilar til Grovfjord Mekaniske Verksted med kystvaktskipet KV Heimdal (maks 10 personar – pressa må vere raske med påmelding).
  • Kl 10:40– 11:25 Besøk hos Grovfjord Mekaniske Verksted
  • Kl 11:45 – 12:45 Besøk hos Astafjord Lakseslakteri
  • Kl 14:00 – 14:30 Besøk hos Narvik hamn
  • Avreise Harstad – Bodø

Onsdag 18. april

  • Kl 08:30– 10:30 Deltek på High North Dialogue i Bodø, ein konferanse som skal diskutere vekst i Arktis.   
  • Kl 10:30 – 11:30 Mogeleg bedriftsbesøk tba.
  • Avreise Oslo kl 12.40.