Presseinvitasjon: Samferdselsminister Nygård til Gardermoen og Dovrebanen 24. oktober

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Måndag 24. oktober skal samferdselsminister Jon-Ivar Nygård delta på konferansen Transport & logistikk 2022 ved Gardermoen, og vere med på å markere anleggsstart for InterCity-prosjektet Kleverud–Sørli–Åkersvika på Dovrebanen.

Programmet til samferdselsministeren er som følgjer: 

Kl. 10.00–10.20: Innlegg om regjeringas samferdselspolitikk i seansen «Rikets tilstand» på konferansen Transport & logistikk 2022, The Qube, Hans Gaarders veg 4, 2060 Gardermoen. Sjå program for dagen her.  

Kl. 11.40–13.30: Markering av anleggsstart for InterCity-prosjektet Kleverud–Sørli–Åkersvika i Stange kommune på Dovrebanen. For påmelding og detaljar – ta kontakt med senior kommunikasjonsrådgjevar Birgitte Langballe i Bane NOR, tlf.: 909 90 729, e-post: birgitte.langballe@banenor.no.    

Kontaktperson for samferdselsministeren på reisa 24. oktober: Kommunikasjonsrådgjevar Edvard Andersen i Samferdselsdepartementet, tlf.: 90511667, e-post: Edvard-N.Andersen@sd.dep.no.