Pressekonferanse om energikommisjonen

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen inviterer til pressekonferanse for å presentere den nye energikommisjonen.

Nett-tv Pressekonferanse om energikommisjonen

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Fredag 11. februar kl. 12.00.

Stad: Pressekonferansen går føre seg i R6 i Teatergata 9.

Praktisk info:
Oppmøte for pressefolk frå kl. 11.30. Ta med gyldig pressekort, ID og munnbind.

Pressekonferansen blir streama direkte på regjeringa.no.

Presse som ikkje har høve til å vere til stades på pressekonferansen kan sende inn spørsmål til info@oed.dep.no med teksten Energikommisjon i emnefeltet. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Me kan ikkje garantere at det blir tid til å stille alle spørsmåla i pressekonferansen.

Olje- og energidepartementet legg til rette for deling av foto og video. Foto til fri bruk blir publiserte på Flickr. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til medium som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller på e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Kristoffer Hansen, telefon 46 61 38 73, e-post Kristoffer-Andre.Hansen@oed.dep.no og kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post Arvid.Samland@oed.dep.no.