– Naturen vår er under press. Vi må stanse bit-for-bit-nedbygginga, og då må vi utnytte dei grå areala betre. Rapporten gir oss nyttig innsikt i korleis vi kan gjere det enklare å finne gode område for utbygging, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I desember 2025 lanserte regjeringa eit nytt kart over grå areal. Kartet gjer det lettare å få oversikt over allereie nedbygde område.

Ein ny rapport tek utgangspunkt i kartet over grå areal for å sjå på mogleg bruk og vidareutvikling av kartet, som igjen kan brukast som grunnlag for å finne eigna område for utbygging. Rapporten legg fram i alt 11 moglege tiltak, mellom anna:

  • Skilja meir mellom dei ulike grå areala
  • Vidareutvikle koplinga mellom kartet og økonomisk aktivitet
  • Vurdere kva slags areal ein treng til ulike formål
  • Sjå på avgrensingane knytte til grå areal som ein arealressurs
  • Gjennomføra analysar som ser på det realistiske potensialet for ulike typar sambruk av grå areal

Det er Menon, NINA og NIBIO som har levert rapporten på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.