Samfunnsøkonomi- og virkemiddelseksjonen

Seksjonen arbeider med samanhengane mellom samfunnsutvikling og utviklinga i naturen. Mellom anna ser vi på korleis samfunnet kan handtere naturrisiko, og korleis vi kan få ei betre forståing av verdien av natur. Vi utviklar også eit naturregnskap for Noreg. Vidare vurderer vi verkemiddel for å betre og oppretthalde tilstanden i naturen gjennom ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning. Seksjonen koordinerer også arbeidet med å ta vare på trua natur, samt kartlegging og overvaking av natur i Noreg. Seksjonen har også viktige oppgåver knytt til arealforvaltning og vurdering av enkeltsaker på energiområdet. Vi utviklar verktøy som hjelper kommunar til å planlegge på ein måte som tar omsyn til natur, og klargjer kva som er nasjonale- og vesentlege regionale interesse på miljøområdet. Vi har også ansvaret for regelverk om konsekvensutgreiingar for tiltak og planar etter sektorlovar.