Rapport om nedbygging av natur
Nyheit | Dato: 19.03.2026 | Klima- og miljødepartementet
Korleis kan vi hindre at særleg viktig natur forsvinn? Ein ny rapport foreslår fleire moglege tiltak.
– Naturen vår er under press. Vi må stanse bit-for-bit-nedbygging, men vi treng meir kunnskap om korleis vi kan ta vare på særleg viktig natur. Denne rapporten presenterer fleire ting vi kan gjere for å snu utviklinga, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.
Følgjer opp naturavtalen
Bit-for-bit-nedbygging og andre arealendringar trugar naturmangfaldet.
I naturmeldinga varsla regjeringa eit mål om å redusere nedbygginga av særleg viktige naturareal. Dette er òg eit mål i den internasjonale naturavtalen, som Noreg slutta seg til i 2022.
18 tiltak
Ein ny rapport foreslår og drøftar korleis vi kan hindre nedbygging av særleg viktig natur. Rapporten legg fram i alt 18 tiltak. Lista inneheld alt frå belønningsordningar og kompetanseløft til avgifter og krav.
Det er Menon som har leidd arbeidet med rapporten på oppdrag frå Klima- og miljødepartementet.
Du kan lese rapporten her: Virkemidler for å redusere nedbygging av særlig viktige naturarealer