Nytt vern i Oslofjorden:

Rauerfjorden i Fredrikstad blir marint verneområde

Regjeringa har i dag oppretta to nye verneområde i Fredrikstad kommune i Viken fylke. Rauerfjorden marine verneområde og Teineholmen naturreservat utgjer eit samanhengande område med viktige naturverdiar.

-Oslofjorden har natur vi skal vere stolte av, men tilstanden er fleire stader kritisk både for planter, fisk og andre sjødyr. Eg er glad for at vi i dag er i mål med ei viktig utviding av dei verna områda i fjorden, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Fjellformasjon på Øya Rauer
Strandkanten på øya Rauer. Den spesielle geologien gir variert topografi også under vatn. Søylene og formasjonane blir ofte kalla raukar. Foto: Gunnar Bjar, Statsforvaltaren i Oslo og Viken

Området som no er verna heng saman med Ytre Hvaler nasjonalpark i søraust. Færder nasjonalpark ligg like i nærleiken på vestsida av fjorden. Samla er meir enn 20 prosent av Oslofjorden no verna.

-Eg er ikkje minst er eg glad for at vi kunne verne dette viktige området i nært samarbeid med Fredrikstad kommune og Viken fylkeskommune, som har stått på for å få vernet på plass, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Dei verna områda inneheld både vakker skjergard, og særeigne naturverdiar på djupet, som korallrev. Artsrikdommen er prega av den baltiske straumen, som gir vatn med lavt saltinnhald og store temperatursvingingar. Området er også viktig for sjøfugl.

-Eg meiner vernet vil vere positivt for det aktive friluftslivet som går føre seg i området. Også kystfisket i området kan forsette som før. Nye inngrep som kan skade naturen, som mellom anna installasjonar på havbotnen, deponering av masse, mudring m.v., og bruk av botntrål, er døme på aktivitetar som blir forboden, seier Rotevatn.

Nasjonalparkstyret for Ytre Hvaler nasjonalpark skal i det daglege forvalte verneverdiane knytt til Rauerfjorden marine verneområde og Teineholmen naturreservat. Saman med Kosterhavet nasjonalpark på svensk side av grensa, er eit samanhengande kystområde med eit samla areal på om lag 752 km2 i Skagerrak, frå Fredrikstad til Kosterøyene og Bohuslän på svensk side av grensa, no verna.

I marine verneområde bevarer vi viktig marin natur. Noreg har no 16 marine verneområde, frå Troms og Finnmark fylke i nord til Agder i sør, og frå Rogaland og Vestland fylker i vest til Viken i aust. Område i sjø er også verna som delar av mellom anna nasjonalparkar og naturreservat.

Verneområda er ikkje sjøområde der all aktivitet er forboden, men det er verneverdiane – altså dei naturverdiane vi særleg ønskjer å ta vare på – som styrar kva for aktivitet som kan gå føre seg i det einskilde området. Verneområde i sjø er typisk godt tilrettelagt for friluftsliv, med både fritidsfiske og aktivitetar som mellom anna dykking. Fiskarar kan drive tradisjonelt kystfiske med mellom anna garn, og samstundes nyter godt av at vernetiltaka også gir gode vilkår for fiskeressursane. Bruk av botntrål, som kan skade naturverdiane på havbotnen, vil ofte vere forboden.

Regjeringa la 9. april 2021 fram ein heilskapleg nasjonal plan for bevaring av viktige område for marin natur, sjå  https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-29-20202021/id2843433/. Denne meldinga har også Stortinget nyleg slutta seg til. I Noreg er vi i stor grad einige om korleis vi skal arbeide med dette framover. Vi skal fortsette å verne marine område langs kysten, og vi skal ha ein systematisk tilnærming til korleis og kva for område vi vernar eller beskyttar gjennom andre bevaringstiltak. Vi skal også gjennomgå lovgivinga utanfor territorialgrensa ved 12 nautiske mil, der det i dag ikkje er heimel for marint vern etter naturmangfaldlova, og vurdere om og eventuelt korleis lovgivinga her kan forbetrast.