– Det er bra at prisane for store datapakkar i Noreg har gått ned. Dette kan tyde på at konkurransen har betra seg noko til glede for norske mobilkundar. Regjeringa jobbar for gode og rimelege mobil- og breibandtenestar i heile landet, blant anna ved å leggje til rette for konkurranse og større valfriheit, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Kommunal- og distriktsdepartementet har bestilt to nye rapportar om norske mobil- og breibandprisar, utarbeida av konsulentselskapet Tefficient.

I rapporten "Assessment of Norwegian mobile revenues in a Nordic context - 2023, September update" (PDF), konkluderer Tefficient med at prisane for mobilabonnement med store datapakker («data-rich plans»), har gått noko ned i Noreg. Dette er ikkje tilfellet i dei andre nordiske landa. Norske prisar for abonnement med store datapakker opp til ca. 50 GB per månad er no på nivå med tilsvarande prisar i Sverige (kjøpekraftjustert).  Norske mobilkundar betaler ifølge Tefficient generelt sett framleis mest per gigabyte i Norden og norske mobilkundar har framleis det lågaste forbruket av mobildata. Rapporten viser at ein gjennomsnittleg mobilkunde i Finland brukar om lag fem gonger så mykje data som ein norsk mobilkunde.

Rapporten "Assessment of Norwegian fixed broadband pricing in a Nordic context - 2023, September update" (PDF) viser at dei norske abonnementprisane for fast breiband i dei fleste høve framleis er høgare enn prisane i dei andre nordiske landa, også når prisane kjøpekraftjusterast. Prisane i Noreg har gått noko opp det siste året, men samtidig har tilsvarande prisar økt meir i dei andre nordiske landa. Saman med svekkinga av den norske krona, har dette ført til at forskjellen mellom Noreg og dei andre landa er redusert. Rapporten konkluderer også med at prisen for etablering av ny fiberforbindelse i Noreg er lågare enn i Sverige og Finland, mens prisane i Danmark er dei lågaste i Norden.

Begge er oppdateringar av tilsvarande rapportar departementet fekk utarbeidd i høvesvis 2020 og 2022. Metoden for justering av kjøpekraft er endra i dei oppdaterte versjonane av rapportane.