Registeret for statssekretærar og politiske rådgjevarar sine verv og økonomiske interesser skal sikre openheit om deira ulike verv og økonomiske interesser, til dømes fast eigedom, selskapsinteresser og styreverv i private og offentlege selskap eller interesseorganisasjonar.

– Openheit om verv og økonomiske interesser er ein heilt sentral verdi i eit demokratisk samfunn. Med dette registeret følgjer vi opp tilrådinga frå Europarådets antikorrupsjonsorgan og legg betre til rette for at innbyggarane kan ha tillit til politikarane, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.

Registeret er tilgjengeleg her: Verv og økonomiske interesser - regjeringen.no.

Registeret for stortingsrepresentantane og medlemmene i regjeringa sine verv og økonomiske interesser er tilgjengeleg på Stortinget sine nettsider.

Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) fører registeret for statssekretærar og politiske rådgjevarar. DSS skal sørge for å publisere oppdateringar i registeret minst kvar annan veke.