– For dei som treng det er parykk viktig for den psykiske helsa, men også ei ekstrakostnad for den enkeltes lommebok, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Prisane på parykker har auka meir enn stønadssatsane dei siste åra. Personar som har mista hår på grunn av sjukdom eller behandling av sjukdom får støtte frå Nav for å kjøpe parykk eller anna hårerstatning.

Det er i dag to ordningar, ein for dei over 30 år og ein for dei under 30 år. Personar under 30 år får dekka inntil 50 000 kroner årleg til parykk, mens personar over 30 år har to ulike, men lågare stønadssatser.

Regjeringa foreslår å auke satsane for stønad til parykk for personar over 30  år med 19 prosent frå 1.januar 2027. Dette innebærer at den ordinære satsen blir auka frå 6 265 til 7 455 kroner og den forhøgde satsen frå 16 220 til 19 302 kroner.

Ordninga for dei unge har ein høgare stønadssats fordi barn og unge er i ein meir sårbar situasjon.

– Frå før har vi valt å prioritere dei unge, fordi dei er i ein ekstra sårbar situasjon. Vi ser at det er nødvendig å auke satsane for dei over 30 år, fordi prisane har auka meir enn stønaden dei siste åra, seier statsråden.

Fakta:

  • Personar som heilt eller delvis har mista hår på grunn av sjukdom eller behandling for sjukdom kan få stønad til parykk eller anna hårerstatning. Støtta kan også gis til kvinner med betydeleg androgent håravfall
  • Personar med kjønnsinkongruens kan få stønad til parykk når behovet for parykk er dokumentert av lege eller helsepersonell med nødvendig medisinsk kompetanse, og at personen heilt eller delvis har mista håret
  • Personar under 30 år får dekka til saman inntil 50 000 kroner årleg for kjøp av parykk eller anna hårerstatning, samt reparasjon og vedlikehald. I særskilte tilfeller kan det gjerast unntak frå stønadssatsen på 50 000 kroner for dekning av nødvendige utgifter til parykk som overstig stønadssatsen
  • For personar over 30 år er ordinær sats 6 265 kroner årleg og auka sats 16 220 kroner
  • Regjeringa foreslår å auke satsane for stønad til parykk for personar over 30  år med 19 prosent frå 1.januar 2027. Dette innebærer at den ordinære satsen blir auka frå 6265 til 7455 kroner og den forhøgde satsen frå 16 220 til 19 302 kroner
  • Omkring 8 000 personar over 30 år får kvart år stønad til parykk. Om lag 50 prosent av desse får behandling for kreft, 30 prosent har alopecia, og 20 prosent har mistet håret av andre årsaker
  • Om lag 93 prosent av stønadsmottakarane er kvinner

Kjelde: nav.no/parykk