– Regjeringa ønskjer å legga til rette for at tilsette i private barnehagar skal kunne ha likeverdige pensjonsvilkår som tilsette i kommunale barnehagar. Med desse endringane sikrar vi at fleire barnehagar enn i dag får dekt pensjonsutgiftene sine, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Kunnskapsdepartementet vil kalle inn sektoren til eit møte allereie i januar for å drøfte den nye søknadsordninga.

– Vi er opptatt av at denne ordninga over tid skal fungere best mogleg. Vi vil derfor ha tett dialog med sektor og med partia på Stortinget om korleis ordninga kan tilpassast og forbetrast. Regjeringa kjem tilbake til saka i revidert nasjonalbudsjett 2026, seier Nordtun.

Fleire kan søke om pensjonstilskot

Frå 1. januar 2026 innfører regjeringa ei ny søknadsordning for private barnehagar som ikkje får dekt pensjonsutgiftene sine gjennom hovudregelen for pensjonstilskot. Dagens søknadsordning gjeld berre barnehagar med pensjonsavtalar inngått før 1. januar 2019. Det har ført til at mange barnehagar, mellom anna PBL-barnehagane, ikkje har hatt høve til å søke om ekstra pensjonstilskot.

– Den nye søknadsordninga har ikkje krav om når pensjonsavtalen er inngått. Det betyr at langt fleire barnehagar enn i dag kan søke om ekstra pensjonstilskot frå 2026, seier Nordtun.

Etter den nye ordninga kan barnehagar som samla over tre år har meir enn 5 prosent høgare pensjonsutgifter enn det dei får dekt gjennom hovudregelen, søka om å få dekt utgiftene som overstig 5 prosent. Barnehagane kan søke kvart år. I 2026 kan barnehagane søke basert på pensjonsutgifter i 2024, 2025 og 2026.

Plikta kommunen har til å dekke pensjonsutgifter er oppover avgrensa til 13 prosent av pensjonsgivande lønn i barnehagen.

Særregel for barnehagar med historiske pensjonsforpliktingar

Regjeringa har også fastsett ein særregel for pensjonstilskot til private barnehagar som har historiske forpliktingar basert på avtalar om offentleg tenestepensjon. Desse barnehagane er namngjevne i forskrifta.

Barnehagane vil få dekt dei faktiske pensjonsutgiftene sine, oppover avgrensa til 20 prosent av pensjonsgivande lønn. Det er foreslått 10 millionar kroner til ordninga i 2026.

– Dette er barnehagar som av historiske årsaker kan ha særleg høge pensjonskostnader, og som ikkje nødvendigvis får dekt utgiftene sine gjennom det ordinære pensjonstilskotet. Særregelen bidreg til å sikre meir likeverdige pensjonsvilkår, seier Nordtun.

Arbeider vidare med ny finansieringsforskrift frå 2027

Departementet arbeider vidare med resten av forslaga frå høyringa, mellom anna om nye forskriftsreglar om berekning av driftstilskot til private barnehagar, og tek sikte på å fastsette ny finansieringsforskrift med verknad for tilskotsåret 2027. Ny finansieringsforskrift vil følgje opp og utfylle dei nye reglane i barnehagelova, som trer i kraft frå 1. august 2026.