– Arbeidarparti-regjeringa har høge ambisjonar for jernbana i Noreg. Den beste oppskrifta på en meir punktleg og god jernbane, er framleis å ta betre vare på det vi har, bygge nytt der vi må og der effekten er størst, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam. 

Regjeringa foreslår at til saman 13,6 milliardar kroner går til drift, vedlikehald og fornying av jernbanenettet. Det var ein vesentleg auke i løyvingane til drift, vedlikehald og fornying i både 2025 og 2026. Budsjettforslaget til desse formåla for 2027 er om lag 4,7 milliardar kroner høgare enn i saldert budsjett 2024. 

– Innsatsen til drift, vedlikehald og fornying er framleis på eit høgt nivå. Samstundes må vi må halde oppe framdrifta i igangsette jernbaneprosjekt, og difor foreslår vi å auke løyvinga til investeringar, seier Gunaratnam.

Dei prosjekta som allereie er i gang, er mellom anna utbygging av dobbeltspor på Østfoldbanen (Sandbukta–Moss–Såstad), Dovrebanen (Kleverud–Sørli–Åkersvika) og sluttføringar av arbeid på Vestfoldbanen. I tillegg er det utbygging av stasjonar og kryssingsspor på Trønderbanen. 

Betre nettdekning i utvalde jernbanetunnelar

Regjeringa legg opp til å bruke 135 millionar kroner til betre nettdekning i jernbanetunnelar i 2027. Dei neste åra skal nettdekninga fornyast og betrast i prioriterte tunnelar på fleire strekningar. Dette vil kome pendlarar på Gardermobanen, Bergensbanen og Vestfoldbanen, Kongsvingerbanen, Hovedbanen og Dovrebanen til gode. I tillegg er Jernbanedirektoratet, Bane NORog mobiloperatørane samde om deling av kostnadar mellom staten og mobiloperatørane framover. Dette er gode nyheiter for dei som reiser gjennom Drammenstunnelen og Ulrikstunnelen, som ikkje tidlegare har hatt nettdekning.

– Eg veit at fleire pendlarar ønskjer å jobbe eller studere på toget, men at det har vore vanskeleg sidan nettdekninga ikkje har vore god nok i enkelte tunnelar. Det gjer vi noko med no, seier samferdselsminister Kamzy Gunaratnam.