Statsbudsjettet 2026
Regjeringa foreslår auka lånerammer på om lag 26 milliardar kroner for å starte fem nye sjukehusprosjekt i 2026
Nyheit | Dato: 15.10.2025 | Helse- og omsorgsdepartementet
I statsbudsjettet for 2026 innstiller regjeringa på å innvilge lån til fem nye sjukehusprosjekt med ei samla investeringsramme på nesten 29 milliardar kroner. Dette gjeld byggetrinn 3 ved Sunnaas sjukehus, nytt stråle- og somatikkbygg ved Sjukehuset Østfold, nytt somatikkbygg ved Akershus universitetssjukehus, nytt bygg for psykisk helse og rus på Åsgård ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg og nytt Mjøssjukehus ved Sjukehuset Innlandet. Inkludert pågåande prosjekt blir det foreslått ei samla låneløyving i 2026 på om lag 7 milliardar. Av dette utgjer nye prosjekt 580 millionar kroner.
– Investeringar i nye sjukehusbygg er avgjerande for at Noreg skal ha blant verdas beste helsetenester også i framtida. Vi legg til rette for at sjukehusa skal kunne ha bygg med tilstrekkeleg kapasitet som kan bidra til betre kvalitet i pasientbehandlinga framover, og som ikkje minst skal vere gode arbeidsplassar for alle tilsette, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Om dei nye byggeprosjekta:
Byggetrinn 3 ved Sunnaas sjukehus
Regjeringa foreslår ei samla låneramme 551 millionar kroner til byggetrinn 3 ved Sunnaas sjukehus. Det inneber eit nytt bygg som skal erstatte to av dagens bygg som ikkje tilfredsstiller krava til moderne sjukehusdrift. Prosjektet blir planlagt å vere ferdig i 2029.
Stråle- og somatikkbygg ved Sjukehuset Østfold
Regjeringa foreslår ei samla låneramme 3 987 millionar kroner til ei utviding av somatisk kapasitet for både sengeplassar og poliklinikkrom på Sjukehuset Østfold. Det vil også bli etablert stråleterapibehandling i nybygget, noko som Sjukehuset Østfold ikkje har i dag. Prosjektet blir planlagt å vere ferdig i 2031.
Somatikkbygg ved Akershus universitetssjukehus
Regjeringa foreslår ei samla låneramme 1 591 millionar kroner til utviding av Akershus universitetssjukehus sitt tilbod på Nordbyhagen i Lørenskog kommune for å møte kapasitetsutfordringane innan somatisk sengekapasitet og bildediagnostikk. Prosjektet blir planlagt å vere ferdig i 2030. Den auka sengekapasiteten skal gradvis bli tatt i bruk fram mot 2040, i tråd med behovet for auka kapasitet.
Nytt sjukehusbygg for psykisk helsevern- og spesialisert rusbehandling ved UNN Åsgård
Regjeringa foreslår ei samla låneramme 2 119 millionar kroner til nybygg og ombygging av eksisterande areal for psykisk helsevern, sikkerheitspsykiatri og spesialisert rusbehandling ved Åsgård, Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Nybygget skal sikre gode og tidsriktige rammer for behandlinga, bidra til betre kvalitet på helsetenestene og bidra til auka pasientsikkerheit. Prosjektet vil ivareta behov for styrking av døgnkapasiteten i psykisk helsevern og spesielt styrking av døgnkapasiteten i det sikkerheitspsykiatriske tilbodet. Prosjektet blir planlagt å vere ferdig i 2030.
Nytt Mjøssjukehus ved Sjukehuset Innlandet
Regjeringa foreslår ei samla låneramme 18 009 millionar kroner til nytt Mjøssjukehus for Sjukehuset Innlandet. Prosjektet inneber ei samling av spesialiserte funksjonar innan somatikk, psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling på Mjøssjukehuset, lokalisert til Moelv, etablering av ein luftambulansebase i Elverum, elektiv ortopedi og rehabilitering, akutt indremedisin, fødestove og barselavdeling ved sjukehuset i Elverum, og ei styrking av tilbodet ved sjukehuset på Tynset. Prosjektet blir planlagt å vere ferdig i 2032.