– Auka beredskapslagring vil styrke den sivile drivstoffberedskapen og redusere negative konsekvensar for befolkninga og næringslivet ved langvarig forsyningssvikt i Noreg. Vi vil òg ha større fleksibilitet til å bidra i situasjonar der IEA set i verk felles tiltak for å motverke mangel i den globale marknaden, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Noreg har i dag beredskapslager for drivstoff som svarer til 20 dagar med innanlandsk forbruk. Oslo Economics har på oppdrag frå regjeringa greidd ut alternativ for framtidig beredskapslagring av drivstoff i Noreg.

Utgreiinga viser at dagens beredskapslager ikkje er tilstrekkeleg dimensjonerte for langvarige forsyningsforstyrringar. Oslo Economics tilrår derfor at regjeringa styrker drivstoffberedskapen trinnvis.

– Dette er første skritt. Vi skal også sjå på moglegheitene for å auke til eit samla beredskapsnivå på 61 dagar, noko som føreset avtalar om lagring i utlandet, seier Myrseth.

Den trinnvise tilnærminga tar utgangspunkt i eksisterande tankkapasitet og tankkapasitet som kan rehabiliterast. I høyringa vil regjeringa særleg be om innspel til dei økonomiske og administrative konsekvensane av forslaget. Det er viktig for regjeringa at forslaget ikkje bidreg til press på drivstoffprisane. 

– Tidspunktet for oppbygging av lager er viktig. Å kjøpe inn drivstoffvolum medan energikrisa går føre seg, vil føre til unødvendig høge kostnader og verke negativt inn på forsyningssituasjonen i verda og Europa. Næringslivet må òg få tid til å tilpasse seg før ei eventuell endring trer i kraft, og vi kjem derfor til å foreslå ein innfasingsperiode på tre år, seier Myrseth.

Regjeringa tar sikte på å sende forslaget på høyring innan utgangen av november 2026.