Det skjer gjennom regjeringa si Kompetansepluss-ordning, som har som mål å hjelpe vaksne med låg formell utdanning. Ordninga skal bidra til å styrke grunnleggande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning og digitale ferdigheiter, samt norsk og samisk.

– Nær 15 prosent av dei vaksne i Noreg har svake ferdigheiter i lesing og rekning, og arbeidstakarar med låg utdanning er ofte meir utsette ved omstilling. Difor er eg glad for at så mange verksemder ønsker opplæring på arbeidsplassen. Det vil styrke kompetansen til den enkelte og bidra til at vi får arbeidskrafta vi treng framover, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Søkarar frå heile landet

Kompetansepluss består av fire ordningar med ein pott på til saman 117 millionar kroner (les meir  under).

No skjer tildelinga til ordninga Kompetansepluss arbeid. Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) forvaltar ordninga og har fått inn 189 søknader. Til saman blir det no delt ut 55,3 millionar kroner i støtte til verksemder i arbeidslivet.

Av desse går 8,7 millionar kroner til prosjekt i innsatssona i Finnmark og Nord-Troms, og 2,7 millionar kroner til samiske språkforvaltningskommunar (kommunar der norsk og samisk er likestilte språk).

Gjenstår å dele ut 30 millionar kroner

Frå før er det delt ut  31,8 millionar kroner til førehands­godkjende Kompetansepluss-tilbydarar som rammetilsegn i Kompetansepluss arbeid i januar.

I tillegg skal 30 millionar kroner fordelast i løpet av våren 2026 til ordningane Kompetansepluss frivilligheit (10 millionar kroner, fristen gjekk ut i februar) og Kompetansepluss fagopplæring (20 millionar kroner).

Den sistnemnde ordninga hadde søknadsfrist 5. mars. Målgruppa er vaksne arbeidstakarar med låg formell utdanning, men med lang erfaring i faget sitt. Opplæringa skal styrke grunnlaget for å kunne ta fagbrev som praksiskandidatar. Ho vil bidra til at dei som gjennomfører, står sterkare og kan få ei meir varig tilknyting til arbeidslivet.

Sidan Kompetansepluss starta opp i 2006, har over hundre tusen personar delteke i opplæring på arbeidsplassen.

– PIAAC-undersøkinga viser at mange vaksne framleis manglar grunnleggande ferdigheiter som er viktige for å stå trygt i arbeidslivet. Kompetansepluss gir deltakarane eit løft som både styrker meistring og opnar dører til vidare læring. At så mange søker også i år, viser tydeleg at behovet for slike tilbod framleis er stort, seier Sveinung Skule, direktør i HK-dir.

Kompetansepluss arbeid 2026 – Fordeling av pengar etter opplæringsmottakarane (deltakarbedriftene) sitt fylke

Fylke

Tildelte midlar

Agder

2 234 833

Akershus

10 319 083

Buskerud

2 941 333

Finnmark

6 034 857

Innlandet

1 676 250

Møre og Romsdal

1 491 000

Nordland

2 681 833

Oslo

10 552 321

Rogaland

1 570 000

Telemark

0

Troms

3 429 000

Trøndelag

5 519 405

Vestfold

590 000

Vestland

3 967 500

Østfold

2 342 583

Dette er Kompetansepluss

Kompetansepluss består av fire delar:

  • Kompetansepluss arbeid gir pengar til kurs for arbeidstakarar knytte til arbeidsplassen.
  • Kompetansepluss arbeid – rammetilsegn for godkjende tilbydarar av Kompetansepluss. Målet er å skape meir fleksibilitet ved at kurs kan starte fortløpande.
  • Kompetansepluss frivilligheit gir pengar til kurs knytte til aktivitetar i frivillige organisasjonar.
  • Kompetansepluss fagopplæring gir pengar til kurs som førebuing til fagbrev.

Les meir om Kompetansepluss på nettsida til Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse