Regjeringa legg fram ein nasjonal sikkerheitsplan for digital infrastruktur
Pressemelding | Dato: 29.08.2025 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet
Måndag 1. september kl. 10.00 legg digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung og justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen fram ein nasjonal sikkerheitsplan for digital infrastruktur.
Noreg er eit av verdas mest digitaliserte land, og mobil- og breibandsnetta ber dei digitale tenestene som samfunnet er heilt avhengig av for å fungere normalt – som helsetenester, finans, transport og offentleg kommunikasjon. Samstundes står verda og Europa i den farlegaste sikkerheitspolitiske situasjonen sidan andre verdskrig. Viss mobilnetta fell ut som følgje av uvêr eller sabotasje, blir samfunnet svært sårbart.
Nasjonal sikkerhetsplan for digital infrastruktur har ei rekkje konkrete tiltak for å auke nasjonal sikkerheit og beredskap.
Stad: Hamar, Koigen
Tid: 1. september kl. 10.00
Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og TEK Norge vil delta på framlegginga. Det vil også representantar frå Telia, Telenor og Lyse Tele, som vil demonstrere digitalt utstyr for kriser og krig.
Pressekontakt:
For digitaliseringsministeren: Ingvild Sahl, fagdirektør i Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Tlf. 958 70 541
For justisministeren: Andreas Bondevik, departementsrådgiver i Justis- og beredskapsdepartementet. Tlf. 404 32 454