Regjeringa legg fram ein ny handlingsplan mot speleproblem
Pressemelding | Dato: 27.03.2026 | Kultur- og likestillingsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet
– Speleproblem er ei tragedie for den enkelte, og får store konsekvensar både for den det gjeld, for familien og for samfunnet rundt. Difor er det viktig å halde fram innsatsen retta mot dei som står i fare for – eller allereie har utvikla – eit speleproblem, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.
I dag la regjeringa fram ein ny handlingsplan mot speleproblem, som gjeld frå 2026 til og med 2029. Førebyggjande arbeid retta mot barn og unge blir eit tydelegare satsingsområde, og eit nytt og viktig tiltak er å lage eit førebyggingsprogram som eit tilbod til skule, fritidsklubbar, idrettslag og andre aktørar.
– Ein viktig del i den samla innsatsen er å vidareutvikle behandlingstilbodet på alle nivå. Det er naudsynt å gjere lågterskeltilbod og dei spesialiserte tilboda meir tilgjengelege. Tenestene må òg følgje med på kva som skjer i den digitale spelmarknaden og i bruksmønstera når det gjeld utvikling av kunnskap og kompetanse, fastslår helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
Sjølv om befolkningsundersøkingar viser ein klar nedgang i talet på problemspelarar i perioden 2019 til 2023, viser problemspelmålingane til Norsk Tipping at det er grunn til å vere uroa for ein auka del problemspelarar blant unge menn.
– Barn og unge i Noreg skal ha ein trygg oppvekst, også når dei er digitale. Vi kan ikkje overlate dei åleine til algoritmar og teknologiselskap – heller ikkje gjennom dataspel som brukar pengespelliknande mekanismar. Difor er det viktig at barn og unge er blant målgruppene som blir prioriterte, seier barne- og familieminister Lene Vågslid.
Nokre område får særskil merksemd i den nye planen. Regjeringa er bekymra for ei utvikling der ungdom som spelar mykje dataspel – særleg dei som kjøper lootboksar, skins eller deltek i skinbetting – har høgare risiko for å utvikle pengespelproblem.
Dette er kunnskap som kjem fram i ei undersøking frå 2025 blant norske ungdommar i alderen 12–17 år. Undersøkinga er utført av Spillforsk ved Universitetet i Bergen, og omfattar 9 000 ungdommar i alderen 12 til 17 år. Difor har den nye handlingsplanen eit særskild fokus på førebyggjande innsats retta mot barn og unge.
Det er eit mål å sørgje for at familiar og pårørande får betre og meir langvarig støtte og hjelp. Planen legg vekt på at spelarar, pårørande og kommunale helsetenester må få betre informasjon og kunnskap om kva slags tilgjengelege behandlingstilbod som finst.
Den nye handlingsplanen mot speleproblem skal gjelde frå 2026-2029 og er den sjuande i rekkja. Handlingsplanen set kurs for arbeidet fram til og med 2029, og har tre hovudmål:
- Færrest mogleg skal ha problem med spel
- Tidleg identifisering og god behandling for problematisk speleåtferd
- Kunnskap om spel og speleproblem skal aukast og delast
Grunnlaget for ny handlingsplan er laga av Lotteritilsynet i samarbeid med Helsedirektoratet og Medietilsynet. Norsk Filminstitutt har kome med innspel.
Tiltaka i handlingsplanen blir finansiert gjennom overskotet til Norsk Tipping og følgjast opp av Lotteri- og stiftelsestilsynet, Medietilsynet, Helsedirektoratet og Forskningsrådet.