Regjeringa legg fram handlingsplan for norsk fagspråk

Regjeringa vil sikre at norsk framleis skal vere eit fullverdig og samfunnsberande språk i Noreg, men dei siste åra har norsk fagspråk tapt terreng i akademia:

  • Rundt 90 prosent av den vitskaplege publiseringa frå norske institusjonar er no på engelsk. I naturvitskap og teknologi blir det knapt publisert norskspråkleg forsking i det heile.
  • I humaniora er forskingspublikasjonar på norsk redusert frå 42 til 27 prosent frå 2011 til 2019.
  • Men den største utfordinga er i høgare utdanning, som utdannar fagfolk til det norske samfunnet. Delen framandspråklege emne har auka frå 15 til 28 prosent frå 2010 til 2021. På om lag eit tiår er engelskmengda nesten dobla. Snart blir annakvar masteroppgåve skriven på engelsk.
  • På sikt kan dette føre til at vi ikkje lenger utviklar fagtermar på norsk, med dei store konsekvensane det vil ha for det offentlege ordskiftet.

No tar regjeringa kraftige grep for å redde det norske fagspråket. Onsdag 14. juni legg forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe og kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen fram ein handlingsplan for norsk fagspråk i akademia. Her kjem dei med konkrete tiltak. Deretter blir det kommentar frå nasjonalbibliotekar Aslak Sira Myre, før det er tid for individuelle intervju.

  • Tid: Onsdag 14. juni, kl. 12.30-13.30
  • Stad: Nasjonalbiblioteket, Målstova (2. etg)
  • Presse og andre som ønskjer å delta på arrangementet, kan melde seg på til:  johanne.severinsen@kd.dep.no

Kontaktperson for forskings- og høgare utdanningsministeren: kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen, 91114868, johanne.severinsen@kd.dep.no

Kontaktperson for kultur- og likestillingsministeren: Kommunikasjonseinga i Kultur- og likestillingsdepartementet, 90 23 10 93, KUDinfo@kud.dep.no