Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Regjeringa legg fram Noregs lågutsleppsstrategi for 2050

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Som ein del av oppfølginga av Parisavtalen legg regjeringa fram ein lågutsleppsstrategi for 2050. Regjeringas lågutsleppsstrategi for 2050 er ein overordna strategi for å fremje ei langsiktig lågutsleppsutvikling.

– Vi bygger vegen til lågutsleppssamfunnet no. I strategien varslar vi ei skjerping av utsleppsintervallet i det lovfesta klimamålet for 2050. Målet skal vere at klimagassutsleppa reduserast med 90 til 95 prosent frå 1990-nivå, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen.

Noreg har eit godt utgangspunkt for den grøne omstillinga, med eit rikt ressursgrunnlag og ein høgt kvalifisert arbeidsstokk. Føresett at Noreg når klimamåla og verda bevegar seg i retning av Parismåla, er Noreg i 2050 eit samfunn med låge utslepp i alle sektorar, gode byar og lokalsamfunn, eit grønt næringsliv og ei berekraftig areal-, skog- og ressursforvaltning som aukar naturens evne til å lagre karbon.

I strategien varslar regjeringa at den vil gå i gang med å endre klimalova slik at 2050-målet vert styrkt. Det inneber at utsleppsintervallet i det lovfesta klimamålet for 2050 skal endrast til at utsleppa i 2050 skal reduserast med 90 til 95 prosent samanlikna med 1990. Regjeringa set òg i gang ei heilskapleg utgreiing om lågutsleppsutvikling kalla "Klimakur 2050" som tek for seg alle relevante sektorar og samfunnsområde. Regjeringa jobbar allereie med ein Klimakur for 2030, som greier ut moglege tiltak og verkemiddel for å utløyse minst 50 prosent reduksjon i ikkje-kvotepliktige utslepp i 2030. 

Lågutsleppsutvikling må baserast på beste vitskapelege grunnlag. Regjeringa bekreftar difor at FNs klimapanel og 1,5-gradersrapporten frå 2018 ligg til grunn for politikkutviklinga.

Vegen til lågutsleppssamfunnet byggast gjennom ein langsiktig og effektiv klimapolitikk, blant anna gjennom pris på klimagassutslepp, regulering der prising ikkje er effektivt, styrkt innsats for å kartlegge og integrere klimarisiko i avgjerder, heilskapleg og berekraftig arealforvaltning og støtte til teknologiutvikling og grøn næringsutvikling.

Noreg jobbar også for å støtte lågutsleppsutvikling i andre land.

Regjeringa vil styrke kunnskapsgrunnlaget for lågutsleppsutvikling, og set våren 2020 i gang ei heilskapleg utgreiing om moglegheiter, utfordringar og kostnadar knytt til lågutsleppsutvikling i alle relevante sektorar og samfunnsområde.

Les heile strategien i Statsbudsjettet.