Statsbudsjettet 2027
Regjeringa med tiltak for betre kontroll over eigarskap til fast eigedom
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Regjeringa føreslår å løyve totalt 126,2 millionar kroner over to år til tiltak for betre kontroll og oversikt over eigarskap til fast eigedom i Noreg. 96,3 mill. kroner blir løyvde i 2027.
– I dag har vi ikkje tilstrekkeleg oversikt over kven som til ei kvar tid eig og ervervar fast eigedom i Noreg. Regjeringa tar dette på alvor og vil redusere risikoen for økonomisk kriminalitet, styrke nasjonal tryggleik og leggje til rette for meir effektiv utøving av myndigheit. Vi får med dette betre kontroll over eigarskap til fast eigedom, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran.
Det største tiltaket er å åpne for elektronisk tinglysing for privatpersonar, og plikt til å endre heimelsforhold ved skifte og avvikling av selskap som eig tinglyst eigedom. Det vil mellom anne bli lagt til rette for å kontrollere sal av visse eigedommar som kan vere ei tryggingsrisiko, og mogleg kontroll av kjøparar utanfor EU/EØS
– Dette set oss i betre stand til å nå viktige samfunnsmål knytt til nasjonal tryggleik og nedkjemping av økonomisk kriminalitet. Det er eit sentralt steg i vidareutviklinga av eigedomsregistreringa i Noreg, seier Skjæran.
Offentlege styresmakter bruker opplysningar om eigarskap i fast eigedom til ei rekkje formål, som tilsyn, vurderingar av nasjonal tryggleik, skatt, kommunal utøving av myndigheit og avdekking av økonomisk kriminalitet. Dei same opplysningane blir også brukte av privat sektor mellom anna i samband med kjøp og sal av eigedom og finansiering av transaksjonar. Ei kartlegging utført av Skatteetaten, Kartverket og Brønnøysundregistra viser at styresmaktene ikkje har tilstrekkeleg oversikt over opplysningar om eigarskap til fast eigedom.
Kartverket og Skatteetaten har utgreidd ulike konsept for både å gi styresmaktene betre tilgang til opplysningar om eigarskap til fast eigedom og for å modernisere dei tekniske løysingane for dette (Konseptvalutgreiinga Eigarskap til fast eigedom).
Kartverket og Skatteetaten tilrådde eit konsept med sentralisert eigarskapsregistrering i Kartverket. Det er i utgreiinga òg føreslått ei rekkje tiltak som kan setjast i verk uavhengig av konsept. Tiltaka vil motarbeide skjult eigarskap og redusere risiko for økonomisk kriminalitet. Dei vil minske uvissa ved eit eventuelt vidare prosjekt og skape verdi uavhengig av om seinare konsept blir følgde opp.
Endringshistorikk
"Tinglysningsplikt" vart endra til "plikt til å endre heimelsforhold".