Statsbudsjettet 2027:
Regjeringa prioriterer modernisering av utbetalingsløysingane i Nav
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa set av over 330 millionar kroner til å starte moderniseringa av løysinga Nav bruker til utbetalingar.
– Nav er grunnmuren i velferdssystemet vårt. I 2025 betalte Nav ut nærare 700 milliardar kroner til om lag 3 millionar mottakarar. Då må vi ha eit system som er effektivt, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Prosjektet skal auke tryggleiken for at Nav kan betale ut ytingar, og redusere risikoen for feil, forseinkingar eller manglande utbetalingar.
– Det er kjempeviktig at vi har utbetalingssystem som alltid verkar, slik at folk får sjukepengar, pensjonar og andre ytingar utbetalte når dei skal. Dette handlar om tryggleik for folk, seier Stenseng.
Arbeidarparti-regjeringa er oppteken av at velferdssystemet skal fungere godt i dag og i mange år framover. Oppdaterte IKT-system gjer at folk kan få betre og meir effektiv hjelp frå Nav.