– Skal vi lykkast med å møte utfordringane Noreg står overfor og styrke norsk konkurransekraft, treng vi meir kunnskap og kompetanse. Derfor satsar Arbeidarparti-regjeringa på utdanning, forsking og teknologi som kan gi oss den kompetansen vi treng i framtida. Med dette forslaget sikrar vi at universiteta og høgskulane får ei framleis høg tildeling over statsbudsjettet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Eileen Fugelsnes (Ap).

Regjeringa held oppe eit høgt nivå på rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. I 2027 foreslår regjeringa å gi universiteta og høgskulane ei rammeløyving på 50,3 milliardar kroner. Det er ein auke på 289,6 millionar kroner frå 2026 utover justeringa for prisvekst, tilsvarande 0,6 prosent av løyvinga. 

Satsar på kvanteteknologi, livsvitskap, romteknologi og KI

Regjeringa vil oppretthalde eit høgt nivå på forskingsfinansieringa, og i 2027 vil regjeringa bruke 51,5 milliardar kroner på forsking og utvikling. Mellom anna satsar regjeringa stort på kvanteteknologi og livsvitskap.

– Med dette statsbudsjettet sikrar vi eit framleis høgt nivå på finansieringa av forsking for å styrke kunnskapsutviklinga innanfor ei rekke område som er viktige for Noreg. Vi prioriterer særleg to større satsingar innanfor kvanteteknologi og livsvitskap, der vi samla foreslår over 600 millionar kroner. Kvanteteknologi er viktig for beredskap, tryggleik og verdiskaping. Livsvitskap, bioteknologi og nevroteknologi kan på si side bidra til viktige løysingar innanfor helse, mat, miljø og energi, seier Fugelsnes.

Regjeringa vil òg prioritere midlar til ei forskings- og innovasjonssatsing for romteknologi og til KI-forskingssamarbeid med Sør-Korea og Japan.

Satsingar forsking

Samla forsking og utvikling (FoU)

Forsking og utviklingsarbeid som er finansiert av det offentlege, skjer ved mellom anna universitet og høgskular, forskingsinstitutt, helseføretak og i næringslivet. Av heile budsjettforslaget for 2027 bereknar regjeringa at til saman 51,5 milliardar kronar går til FoU. Det inneber ein realnedgang på 1,1 prosent frå 2026-budsjettet. Realnedgangen kjem i hovudsak av tekniske endringar i budsjettet, særleg reduksjon i løyvingsbehovet til byggeprosjekt i tråd med framdrifta i prosjekta. Medrekna skattefrådragsordninga Skattefunn, er FoU-innsatsen på om lag 55,6 milliardar kroner. FoU som del av BNP blir berekna til 0,88 prosent ekskludert Skattefunn, og 0,95 prosent inkludert Skattefunn.

Viktige forskingssatsingar i 2027

  • 295 millionar kroner til ein styrka satsing på kvanteteknologi
  • 333 millionar kroner til ein satsing på livsvitskap, inkludert bioteknologi, nevroteknologi og styrking av norsk kjemiforsking.
  • 25 millionar kroner til KI-forskningssamarbeid med Sør-Korea og Japan.
  • 5 millionar kroner til å styrke Arctic Field Grant, slik at flere norske forskere kan nytte seg av infrastrukturane i Ny-Ålesund.

Meir pengar til fagskulane

Regjeringa foreslår å auke løyvingane til drift av fagskulane med 180 millionar kroner utover prisvekst. Brorparten av veksten er vidareføring av studieplassar vedtekne i 2025- og 2026-budsjettet. 18,6 millionar kroner skal finansiere ein auke i satsen for resultatbasert utteljing for gjennomførte studiepoeng, frå 20 til 30 prosent av den samla satsen fagskulane får i løyvingar til drift.

- Vi ønsker at fleire studentar skal lykkast med fagskulestudiane sine. Når fleire fullfører og tek studiepoeng, styrker vi finansieringa. Det gir eit tydeleg insentiv til å legge betre til rette for studentane, og bidreg til at arbeidslivet raskare får tilgang på folk med rett kompetanse, seier Fugelsnes.

Helse, realfag og teknologi er prioriterte fagområde framover

– Dei siste fire åra har vi gjennomført eit stort løft for helseutdanningane og for teknologiske og naturvitskaplege fag. Vi utdannar rekordmange sjukepleiarar og legar. Dei neste åra må vi halde fram med å prioritere helsefag, realfag og teknologi. Samtidig skal vi sjølvsagt sikre breidde i utdanningstilbodet og ta vare på små fag som kan ha stor samfunnsverdi, seier Fugelsnes.

Regjeringa foreslår 150 nye studieplassar innanfor utdanningar som vi veit er viktige for å møte framtidig etterspurnad: bioingeniør, vernepleie, sjukepleie, jordmor, maskinoffiser og kvanteteknologi. Regjeringa vil også bruke 120 millionar kroner på dei treårige ingeniørutdanningane. Pengane skal mellom anna gå til alternative vegar inn i utdanningane og til å styrke kvaliteten og relevansen i utdanningane. Målet er at fleire skal fullføre raskare, og at vi får fleire ingeniørar med kompetansen arbeidslivet treng.

Dei nye studieplassane er finansierte gjennom omprioriteringar innanfor den samla rammeløyvinga til universiteta og høgskulane. Inndekkinga er fordelt andelsmessig likt etter storleiken på løyvingane til institusjonane.

Satsingar høgare utdanning

Universitet og høgskular

Regjeringa foreslår 50,3 milliardar kroner i rammeløyving til universiteta og høgskulane i 2027, fordelte med 47,9 mrd. kroner til statlege universitet og høgskular og 2,4 mrd. kroner til private høgskular. Det er ein auke på 289,6 millionar kroner utover prisjusteringa, eller 0,6 prosent. Budsjettet for 2027 inneber ein realauke på 1 prosent samanlikna med 2019, det vil seie før pandemitiltaka.

Viktige satsingar ved universiteta og høgskulane 

  • 150 nye studieplassar på utdanningar vi veit er viktige for å møte framtidig etterspørsel: bioingeniør, vernepleie, sjukepleie, jordmor, maskinoffiser og kvanteteknologi.
  • 120 millionar kroner til dei treårige ingeniørutdanningane som skal brukast til alternative opptaksvegar (eksempelvis forkurs og Y-vegen) og for å styrke kvalitet og relevans i utdanningane. Dette skal bidra til raskare fullføring og fleire ingeniørkandidatar.
  • 40 millionar kroner likt fordelte mellom Universitet i Oslo, Universitet i Bergen, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) og Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet for å styrke norsk forsking og innovasjon innanfor romteknologi. Løyvinga skal gjere det mogleg for nokre av dei leiande norske romforskingsmiljøa å utføre framifrå forsking og innovasjon innanfor romteknologi og bidra til utvikling av kompetanse og teknologi på eit strategisk viktig område for Noreg. Satsinga blir dobla i 2028-budsjettet.
  • 15 millionar kroner til Universitetet i Søraust-Noreg til kunnskapsutvikling knytt til utvikling av Fensfeltet i Nome kommune i Telemark.
  • 90 millionar kroner til NTNU slik at dei saman med St. Olavs hospital kan realisere Senter for psykisk helse i Trondheim.
  • 80 millionar kroner til vidare arbeid med prosjektet for Realfagshøgda ved Universitetet i Bergen.