Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2020:

Regjeringa satsar på studentar, forsking og nye studieplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

For å nå målet om eit grønare, meir moderne og tryggare Noreg er forsking og høgare utdanning heilt avgjerande. – I budsjettet for 2020 satsar vi difor på å gjere det enklare å vere student, på nye studieplassar og vi startar arbeidet med nytt vikingtidsmuseum. Og for femte året på rad brukar vi meir enn 1 % av brutto nasjonalprodukt på forsking, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Regjeringa held fram med satsinga på studentane. Sidan 2017 har regjeringa trappa opp studiestøtta for heiltidsstudentar i høgare utdanning og fagskule. I budsjettet for neste år vil regjeringa setje av 152 millionar kroner til å utvide studiestøtteperioden med den fjerde og siste veka slik at målet om 11 måneders studiestøtte blir nådd.

– Neste år får heiltidsstudentar 14 600 kroner meir å rutte med enn dei ville hatt utan regjeringa sine satsingar på studiestøtte sidan 2014. Det er eg glad for, seier Nybø. 

Regjeringa foreslår også fullt foreldrestipend for dei som får barn i overgangen mellom studiane og jobb, og det er sett av pengar til ei ny levekårsundersøking for studentar. I tillegg foreslår regjeringa å gje tilsegn til 2 200 nye studentbustader. Samla har Stortinget løyvd penger til 14 700 nye studentbustader frå og med 2015 til og med 2020.

Les meir om satsinga i eiga pressemelding.

Meir penger til IKT-forsking, omstilling i næringslivet og kvalitet i høgare utdanning

For femte året på rad brukar regjeringa meir enn 1 % av brutto nasjonalprodukt (BNP) på forsking. Dei 38,9 milliardane til forsking og utvikling (FoU) utgjer 1,03 prosent av vurdert BNP for 2020. Dersom ein reknar med Skattefunn-ordninga, er FoU på 43,2 milliardar kroner og utgjer dermed 1,14 prosent av BNP.

– Noreg må gjennom store endringar for å sikre vår felles velferd i framtida. Derfor investerer regjeringa tungt i utdanning og kompetanse, forsking og teknologiutvikling.

Eg er nøgd med at regjeringa oppfyller måla vi har sett oss om å bruke minst ein prosent av BNP på FoU, seier forskings- og høgare utdanningsministeren.

I statsbudsjettet for 2020 foreslår regjeringa å følgje opp langtidsplanen for forsking og høgare utdanning med til saman 585 millionar kroner i auka løyvingar. Av dette går 315 millionar kroner til dei tre opptrappingsplanane Teknologiløft, FoU for fornying og omstilling i næringslivet og Kvalitet i høgare utdanning.

Les meir om satsinga i eiga pressemelding.

Nytt vikingtidsmuseum og pengar til planlegging av nytt campus NTNU

Regjeringa foreslår å bruke 35 millionar kroner i 2020 til rehabilitering og nybygg for Vikingtidsmuseet ved Universitet i Oslo.

– Arven frå vikingtida er uvurderleg. Med eit nytt vikingtidsmuseum sikrar vi at komande generasjonar får tilgang til kunnskap og forståing om ein viktig del av Noregs historie, seier Nybø.

I tilleg foreslår regjeringa mellom anna 55 til Statsbygg for å planleggje og prosjektere Ocean Space Laboratories for SINTEF og NTNU og 40 millionar til planlegging og prosjektering av ein samla universitetscampus for NTNU i Trondheim.

Les meir om satsinga i eiga pressemelding.

Nye studieplassar innan helse, teknologi og miljø

Regjeringa foreslår å opprette om lag 250 nye studieplassar i statsbudsjettet for 2020.

– Vi veit at det er eit stort og aukande behov for tilsette i helse- og omsorgssektoren og nok kompetanse innanfor teknologi og det grøne skiftet. Difor vil vi fordele 75 plassar til helse- og sosialfag, med vekt på sjukepleie, og 70 plassar til teknologi og fag retta mot grønt skifte. I tillegg skal rundt 100 studieplassar brukas på  fleksible og desentraliserte studietilbod utanfor dei store byane, sier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø.

Les meir om satsinga i eiga pressemelding.