Historisk arkiv

Statsbudsjettet 2022

Regjeringa satsar tungt på kystformål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

– Verdiskapinga langs kysten er stor. Det må vere trygt å segle blant holmar og skjær. Derfor foreslår regjeringa å løyve 3,4 milliardar kroner til kystformål i 2022, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide.

Ein viktig del av løyvinga går til arbeidet med å utbetre farvatna ein rekke plassar i Noreg. Følgande prosjekt startar opp i 2022: Bognes–Tjeldsundet–Harstad, Svolvær–Raftsundet og innsegling til Kragerø. I tillegg startar førebuande arbeid for innseglinga til Borg hamn.

– Midlane til utbetringar er meir enn dobla frå 2021-budsjettet. Båtar og skip blir stadig større. Derfor er det viktig å utbetre farleiene, slik at dei blir djupare, tryggare og betre. Vi legg til rette for at fleire hamner og farleier kan ta imot morgondagens båtar og skip, og vi startar bygginga av Stad skipstunnel, seier Hareide.

Fleire prosjekt er allereie under bygging og desse vil bli vidareført. Innsegling Forsøl, Innsegling Maurholen og Innsegling Bulandet vil vere ferdige i løpet av 2022.

I tillegg vil satsinga på vedlikehald sørge for at etterslepet på vedlikehaldet av navigasjonsutstyr blir redusert i 2022.

Prosjektet Stad skipstunnel skal koste totalt 3,4 milliardar kroner, og stå ferdig i 2026.

– Stadhavet er eitt av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs kysten vår. No kjem det midlar som sørger for at bygginga av skipstunnel kan starte opp. Tunnelen vil gjere det tryggare å segle forbi Stadlandet, seier samferdselsministeren.

Satsar på tilskotsordningar for nærskipsfarten

– Spart tid for skip og lastebilar i hamner vil redusere kostnadar, klimagassutslepp og andre utslepp frå godstransporten. Derfor foreslår vi å løyve 55,5 millionar kroner til tilskotsordninga for investering i effektive og miljøvenlege hamner. Ordninga vil betre framkomsten for gods og vil komme aktørar i heile logistikk-kjeda til gode, seier Hareide.

Regjeringa foreslår òg å vidareføre tilskotsordninga for overføring av gods frå veg til sjø med ei løyving på 32,4 millionar kroner. Ordninga vil betre tilgangen på sjøtransport for næringslivet og redusere dei samla kostnadene for godstransport ved å flytte gods frå veg til sjø. Ordninga skal vere ein hjelp i oppstartsfasen av nye tilbod for transport av gods på sjøen.

For meir informasjon, sjå: