Regjeringa sikrar fem nye år for EAF-Nansenprogrammet

EAF-Nansenprogrammet (Ecosystem Approach to Fisheries) er ein sentral del av Noregs innsats for å fremje berekraftig havforvaltning i utviklingsland med innhenting av marine data med forskingsfartøyet Dr. Fritdjof Nansen som ein spydspiss. Noreg fullfinansierer programmet og vil bruke 1 milliardar kroner dei neste fem åra.

Programmet blir gjennomført i eit trepartssamarbeid mellom Norad, Havforskingsinstituttet (HI) og FNs mat og landbruks-organisasjon (FAO) Under klimatoppmøtet i Dubai skreiv partane under ein ny femårsavtale for EAF-Nansenprogrammet. Programmet blei etablert i 1975 og er det største og det enkeltprosjektet som har vart lengst i norsk fiskeri-bistand, om ikkje det lengste i verda.

Programmet har bidrege til å få viktig kunnskap og kompetanse om fiskeriressursar og det marine miljøet i store delar av verda. Gjennom det har Noreg hjelpt utviklingsland med å utvikle ei berekraftig forvaltning av ressursane.

– Ein av grunnane til at Noreg i stor grad lykkast med forvaltninga av havområda våre, er at vi har kunnskap om dei. Dermed kan ein til dømes setje fiskekvotar som gjer at ein hindrar overfiske. Gjennom EAF-Nansenprogrammet hjelper vi andre land med å innhente og analysere data for betra forvaltning, slik at dei som lever ved og av havet kan halde fram med å gjere det i generasjonar, seier utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Noreg bidreg med 1 milliard kroner over den neste femårsperioden. I den kommande fasen skal programmet i endå større grad fokusere på koplinga mellom institusjonsbygging og forvaltningskapasitet, og berekraftig fiskeriforvaltning. I tillegg vil ein jobbe med å utnytte betre dei dataa som programmet innhentar gjennom tokt med forskingsfartøyet og analysar av desse. For ei rekkje land er desse dataa dei einaste dei har om eigne fiskeriressursar og det marine miljøet og er derfor heilt avgjerande for utvikling av ansvarleg forvaltning av ressursane.

– Dette programmet er heilt unikt. Vi har 32 partnarland og vi blir stadig vekk kontakta av nye land som ønskjer å få denne typen hjelp fordi det går rett inn i hjartet av nokre av dei store utfordringane som landa står i; klimaendringane og sørgje for mat på bordet. Eg er svært stolt over kva Noreg og samarbeidspartnarane våre får til gjennom EAF Nansen programmet, seier Tvinnereim.