Regjeringa sin klimaplan: Styresmaktene følgjer opp klimaavtalen som er inngått med landbruket

Klimaplanen som blir lagt fram i dag, er regjeringa sin plan for å nå målet under Parisavtalen om minst 50-55 prosent kutt i utslepp i 2030, samanlikna med 1990. Landbruket har ei avgjerande rolle i dette arbeidet og er allereie godt i gang med å redusere sine klimagassutslepp.

– I klimaplanen slår vi fast at klimaavtalen mellom staten og jordbruket er berebjelken i det vidare klimaarbeidet i landbruket. Landbruket bidreg med viktige kutt i klimagassutsleppa og auka opptak av CO2. Næringa har redusert utsleppa per produsert eining over fleire år, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

– Norsk landbruk skal produsere det forbrukarane etterspør på ein klimasmart måte. Eit levande jordbruk i heile landet og eit aktivt skogbruk er naturlege og heilt sentrale delar av det grøne skiftet og framtidas grøne næringsliv, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF).

Skal kutte 5 millionar tonn

Som ei av få næringar i Noreg har jordbruket inngått ein forpliktande klimaavtale med styresmaktene. Det skjedde i juni 2019. Den klimaplanen regjeringa legg fram i dag, byggjer for landbruket sin del vidare på den avtalen som allereie er inngått.

I klimaavtalen med jordbruket har partane forplikta seg til å arbeide for at utsleppa blir redusert og at opptak av karbon aukar, tilsvarande 5 mill. tonn CO2-ekvivalenter for perioden 2021 til 2030.

Tiltak på den einskilde gard

Som oppfølging av klimaavtalen har jordbruket levert ein plan for korleis utsleppa kan reduserast, utan at det går utover matproduksjonen. Tiltaka er i hovudsak retta mot det bøndene sjølv kan gjera på sin eigen gard, mellom anna innan gjødsling, fôr- og avlsutvikling, energibruk og ikkje minst god agronomi og dyrehelse. Det er også eit mål om å auke opptaket og lagring av karbon i jord.

Landbruket del av løysinga

Landbruket er viktig for opptak og lagring av karbon i skog og jord. For å auke innhaldet av karbon i jord vil bruk av husdyrgjødsel, fangvekstar, stubbåker over vinteren og utmarksbeite vere viktige tiltak.

Skog som veks tek opp CO2

Skogen har ei heilt sentral rolle for å løyse klimaproblema vi står overfor. Skog i vekst bidreg med eit høgt CO2-opptak.

– Skogen er naturens eige mekanisme for karbonfangst og -lagring. Regjeringa legg fram forslag til ei rekke tiltak som kan bidra til å auke CO2-opptaket i skog, og som tek vare på karbonlagera i skog og andre grøne areal. Dette er viktig for å nå klimamåla for 2030, men i enda større grad for å nå våre langsiktige klimamål, seier landbruks- og matminister Bollestad (KrF).

Frå skogen kan vi få råstoff og fornybar energi som gir reduserte utslepp i andre sektorar. Levande tre, skogsjord og andre areal lagrar store mengder karbon. For å nå klimamåla er det nødvendig å oppretthalde eller auke desse karbonlagra.

Jord og skogbrukslandskap
Landbruket er viktig for opptak og lagring av karbon i skog og jord. Foto: Torbjørn Tandberg