Kultur for alle er eit viktig mål i regjeringa sin nye plan for Noreg, særleg for barn og unge. Kultur, kunst, idrett og frivilligheit bidrar til å samle Noreg og er ein viktig del av den demokratiske infrastrukturen, ytringsfridomen og den sivile motstandskrafta.

– Enten du spelar trompet eller syng i kor: lokala du øver og framfører i burde vere godt tilpassa. Diverre er det mange kulturarenaer som ikkje er det. Det vil vi gjere noko med. For kulturarenaer er viktige for fellesskap, tryggleik og tilhøyrsle. Difor skal vi no lage ein strategi som vi tek sikte på å lansere i 2027, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Behov for betre tilgang til eigna lokale

Kulturarenastrategien skal ta utgangspunkt i utfordringane med dårleg tilpassa lokale og sjå på korleis eksisterande bygg og lokale i større grad kan takast i bruk til kulturføremål. Strategien skal òg vurdere korleis regelverk og statlege verkemiddel kan innrettast slik at dei i større grad støttar utvikling og bruk av kulturarenaer lokalt og regionalt.

– Vi veit at mange kulturmiljø må klare seg med lokale som eigentleg ikkje er eigna. Gjennom dette arbeidet ønskjer vi å gi kommunar og fylkeskommunar betre verktøy til å utvikle og ta i bruk kulturarenaer, og samtidig bidra til meir effektiv bruk av ressursane som allereie finst, seier kultur- og likestillingsministeren.

Brei involvering og langsiktig perspektiv

Strategien skal utviklast i dialog med kommunesektoren, kulturlivet og frivilligheita, og i samarbeid på tvers av relevante departement. Arbeidet vil sjå både det profesjonelle og det frivillige kulturlivet under eitt, med utgangspunkt i at dei i stor grad deler arenaer og infrastruktur lokalt.

Arbeidet er ein del av oppfølginga av Regjeringa sin plan for Noreg – tryggleik for barn og unge, og byggjer vidare på kulturfrivilligstrategien Rom for deltaking og tilrådingane i NOU 2025:7 Musikklandet. Regjeringa tek sikte på å leggje fram den nasjonale kulturarenastrategien vinteren 2027.