Regjeringa styrker arbeidet med hjelpetelefonar og chattetilbod
Nyheit | Dato: 11.03.2026 | Helse- og omsorgsdepartementet
Som ein del av opptrappingsplanen for psykisk helse auka regjeringa tilskotet til hjelpetelefonar og chattetilbod innan psykisk helse-, rus og valdsfeltet med 15 millioner kroner i 2026. I dag blir nærare 110 millionar kroner tildelt 17 ulike organisasjonar som driv hjelpetiltak i heile landet.
– Frivillige tilbod er viktige supplement til det offentlege. Hjelpetelefonar og chattetilbod gir rådgiving, støtte og rettleiing til personar som står i ein vanskeleg livssituasjon knytt til psykisk helse, rusmiddelproblem og vald. Dette arbeidet har regjeringa prioritert å styrke, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.
– Nett no fortel dei som driftar hjelpetelefonar og chattetilbod om ei auke i førespurnader på grunn av all uroa i verda.
– Desse tilboda er særleg viktige for menneske i kriser og gjer livet lettare både for dei som er råka sjølve, men også for deira pårørande. Hjelpetelefon- og chattetenestene har heile landet som nedslagsfelt, er lett tilgjengelege og har føreseielege opningstider, derfor har det vore viktig for oss å auke denne løyvinga i samband med opptrappingsplanen for psykisk helse, fortel Vestre.
Mental Helse den største mottakaren
Mental Helse er den største tilskotsmottakaren i årets tildeling. Organisasjonen får ein vekst på om lag 12 prosent og vil i 2026 få til saman 37 millionar kroner. Kirkens SOS er nest største mottakar med ei tildeling på 34,2 millionar kroner.
– Dette er ei kjærkomen og livsnødvendig styrking. Kvar dag møter vi opp mot tusen menneske i akutt eller langvarig krise, både på telefon og chat. Uro i verda skaper ei usikker framtid, og derfor er hjelpetenester som er opne heile døgnet viktigare enn nokon gang, fortel Linda Berg-Heggelund, generalsekretær i Mental Helse.
– I dag får berre fire av ti svar når dei ringer Mental Helse sin hjelpetelefon 116 123. Med dette tilskotet vil vi kunne redusere ventetida, auke svarprosenten på telefon og auke satsinga på chat som når unge heilt ned i niårsalderen, fortel Berg-Heggelund.
Satsing på psykisk helse
– Psykisk helse er ei av regjeringa sine viktigaste satsingsområde. Nettopp derfor la vi fram ein tiårig opptrappingsplan for psykisk helse i 2023. Med denne planen har Stortinget forplikta seg til å styrke feltet med tre milliardar kroner i perioden 2023–2033. Dette er ei varig styrking til eit nytt nivå. I 2026 styrka vi dei ulike tiltaka i planen med 140 millionar kroner, fortel Vestre.
– Eit av desse tiltaka er hjelpetelefonar og chattetenester som er styrka med 15 millionar kroner i år.
Til saman 17 forskjellige organisasjonar mottar tilskot gjennom tilskotsordninga for hjelpetelefonar og chattetenester i 2026. Det er to fleire enn året før.
I tillegg til styrkinga på 140 millionar kroner til styrking av tiltak i opptrappingsplanen for psykisk helse blei det i budsjettforliket løyva ytterlegare 100 millionar kroner ekstra til auka døgnkapasitet.
Tilskotsordninga hjelpetelefon- og chattetilbod innan psykisk helse-, rus- og valdsfeltet
I 2025 blei tilskotsordninga rådgivings-, støtte og rettleiingstenester innan psykisk helse, rus og vald avvikla.
Denne blei erstatta av to ulike ordningar:
- Eit tilskot til hjelpetelefon- og chattetenester innan psykisk helse-, rusmiddel og valdsfeltet.
- Eit tilskot til samtale og meistringstilbod innan psykisk helse-, rusmiddel og valdsfeltet.
Endringa blei gjort som følge av at Helsedirektoratet i 2024, etter oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet, gikk gjennom tilskotsordningar. Direktoratet vurderte då behov for tilpassingar og endringar for i større grad å støtte opp under formålet med løyvingane.