Eit mangfald av redaktørstyrte medium som folk bruker og har tillit til, er grunnleggande for ei velfungerande offentlegheit.

– Utbreidd spreiing av desinformasjon er ein trugsel mot demokratiet. For å sikre eit ope og opplyst offentleg ordskifte trengst det eit mangfald av redaktørstyrte medium som folk over heile landet bruker og har tillit til. Derfor vil Arbeidarparti-regjeringa auke mediestøtta med 40 millionar kroner, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery (Ap).

Lokalmedia er viktig for demokratiet og bidreg til levande og inkluderande lokalsamfunn. Små lokale medium må få betre høve til å utvikle journalistikken og prøve ut nye format, og regjeringa foreslår derfor 30 millionar kroner meir i produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium. 

Unge får i aukande grad nyheiter gjennom sosiale medium, noko som kan gjere dei meir utsette for desinformasjon, påverknad og radikalisering. Regjeringa foreslår derfor 10 millionar kroner til tilskotsordninga for innovasjon og utvikling.

– I dag får ungdom mykje av nyheitene sine gjennom nyheitsstraumar styrt av algoritmar og big tech. Unge treng tilgang til pålitelege nyheiter og informasjon slik at dei kan delta aktivt i demokratiet. Derfor foreslår Arbeidarparti-regjeringa at 10 millionar kroner skal bidra til å auke bruken av redaktørstyrte medium blant unge, seier Jaffery.

Regjeringa skal også sette ned eit eige utval som skal vurdere dei medieøkonomiske verkemidla og sjå om dei er treffsikre nok for å styrke mediemangfaldet i Noreg i framtida. Samansetninga av utvalet vil regjeringa kome tilbake til.