– Regjeringa vil styrkje samfunnet si beredskapsevne, også innan helsesektoren. Vi har ei helseteneste som skal levere tryggleik for helsa både i normaltid og i tid med krise eller krig. Derfor styrkjer vi sjukehusa sitt arbeid med beredskap, og vi legg til rette for at Helse Sør-Aust RHF kan få lån til å etablere tilfluktsrom på Kalnes og ved Rikshospitalet. Dette vil i så fall bli fremma i revidert nasjonalbudsjett 2027, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

I forslaget til statsbudsjett foreslår regjeringa 60 millionar kroner til auka behov hjå sjukehusa innan beredskap, fordi beredskap kostar. 

Mellom anna ønsker Helse Sør-Aust RHF å bygge tilfluktsrom under nybygg på Sjukehuset Østfold og ved Rikshospitalet ved Oslo universitetssjukehus. Dette er avgjerder ein må ta før Justis- og beredskapsdepartementet si høyring av forskrift om tilfluktsstader er behandla.