Arbeidet med studiekvalitet skal styrkast og samlast i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir). HK-dir får eit overordna koordineringsansvar for statistikk, analyse og informasjonsarbeid om studiekvalitet i norsk høgare utdanning og høgare yrkesfagleg utdanning frå 2025. Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) skal bli meir reindyrka som eit fagleg uavhengig organ med akkrediterings-, tilsyns- og evalueringsoppgåver.

– Denne endringa er eitt av fleire strukturelle grep vi tek for å auke studiekvaliteten. No samlar vi oppgåver som naturleg høyrer saman, og vi frigjer viktige ressursar i NOKUT, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Betydninga for NOKUT og HK-dir

Oppgåva med evalueringar av studiekvalitet blir verande i NOKUT. Det er ei lovheimla oppgåve som føreset fagleg fristilling. Flytting av ansvar og arbeidsoppgåver frå NOKUT til HK-dir inneber ikkje endringar i nivåa på driftsbudsjetta for dei to verksemdene.

I statsbudsjettet for 2024 overførte regjeringa 200 millionar kroner til universiteta og høgskulane for å styrke det desentraliserte og fleksible studietilbodet. Pengane blei flytta frå program og tilskotsordningar som HK-dir forvalta. Dermed blir det frigjort kapasitet i HK-dir knytt til avvikling av tilskotsordningar.