Historisk arkiv

Regjeringa vernar 15 viktige skogområde

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Regjeringa vernar 15 skogområde i Vestland og Innland fylke. Områda har høg verneverdi ved at dei omfattar sjeldne og trua naturtypar med stort biologisk mangfald. Arealet som vert verna i dag er i hovudsak frivillig vern av privateigd skog.

Verneforslaget inngår i regjeringa si satsing på skogvern. Til saman i år har regjeringa no verna 73 skogområde. Dette utgjer 148 km 2 nytt verneareal og 105 km 2 med produktiv skog.

- Eg er glad for at vi kan avslutte 2020 med nok eit vedtak om vern av verdifull skog. Vi gjennomfører regjeringas ambisjon om auka skogvern. Satsinga er meir enn dobla frå førre regjeringsperiode. Regjeringa har på åtte år løyvd nær 3,3 milliardar kroner til skogvern, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Svært høge verneverdiar  

Noreg har stor variasjon av skog, deriblant skogtypar som er internasjonalt sjeldne. 48 prosent av artane som er klassifisert som trua på raudlista, lever i skog. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog.

- Vern av skog er særs viktig for å ta vare på norsk naturmangfald. Vi skal difor verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei trua artane og naturtypane, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Fleire av områda som no er verna har svært verdifull natur. Det gjeld blant anna Stussvikhovda naturreservat i Kvinnherad og Bjørnafjorden kommunar. Området har eldre oseanisk kalkfuruskog, rik edellauvskog og vestnorsk regnskog som er raudlista vegetasjonstypar. Skogen er i hovudsak svært produktiv og gamal, med tre mellom.

Kart over verneområda på Miljødirektoratets nettsider

Det utvida arealet i Misterlia naturreservat inneheld den djupaste og trongaste delen av bekkekløfta. Bekkekløfta er stadvis svært bratt, og det finst fleire nakne berghyller og bergveggar – desse er viktige for hekkande rovfugl. Det finst fleire sjeldne og raudlista artar i området, først og fremst knytt til nakent berg og brannstubber.

Lekjenndalen naturreservat
Open, frodig høgstaudeskog er typisk langs midtre del av Lekjenndalen. Foto: Tom Hellik Hofton

Lekjenndalen i Engerdal og Trysil kommunar er ei stor, velutvikla og variert bekkekløft med godt utvikla høgstaudeskog, fosseskog og sørvendt, kalkrikt berg og rasmark. Området har stor betydning for biologisk mangfald ved at det er leveområde for ei rekke sjeldne, sårbare og trua artar. Området er viktig for klippehekkande rovfugl.

Krakksfjellet i Solund kommune er eit av dei få store og urørde kystnære skogområda som er igjen i ytre kystområde på Vestlandet. Skogen er ein rest av eit opphaveleg større område med lite påverka skog, i ein del av landet som elles er sterkt påverka av avskoging. Skogen viser langvarig og tydeleg tilpassing til eit fuktig og mildt kystklima.

Stor interesse for frivillig skogvern
Arealet som vert verna i dag er i hovudsak frivillig vern av privateigd skog. Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og har vore svært vellukka.

- Det er svært positivt at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier statsråd Rotevatn.

Områdea Ulvenfjellet i Bjørnarfjorden og Skjærberget i Rendalen ligg fullstendig på Statskog SF sin grunn. Utvidinga av Misterlia naturreservat i Rendalen er vern på både privat grunn og på Statskog SF si grunn.

Mål og prioriteringar i skogvernet
I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket også bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:

  • Eit representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
  • Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til trua og nær trua artar og naturtypar skal betrast.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftmål nr. 15, Livet på land.

Det er no verna om lag 5,1 prosent av all skog og 3,9 prosent av den produktive skogen i Noreg.

Kongeleg resolusjon

Forskrifter for verneområda

Kva er frivillig skogvern?

Ved frivillig vern av skog definerer miljøstyresmaktene kva for skogtypar og skogareal som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigarar areal for vern. Miljøstyresmaktene tar stilling til om skogen har naturfaglege kvalitetar som tilseier at den bør vernast, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram ein avtale om frivillig vern. Skogeigar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil få erstatning for tapet av framtidig inntekt frå skogbruk i området.

Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt-, fiske- og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrer kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet, kan han eller ho trekke seg undervegs i verneprosessen.

Områda som er verna som naturreservat

  1. Bugen naturreservat (utviding) i Bremanger kommune, Vestland
  2. Krakksfjellet naturreservat i Solund kommune, Vestland
  3. Bergsstronda naturreservat i Høyanger kommune, Vestland
  4. Ulvenfjellet naturreservat i Bjørnafjorden kommune, Vestland
  5. Stussvikhovda naturreservat i Bjørnafjorden og Kvinnherad kommune, Vestland
  6. Skarvatun naturreservat i Kvinnherad kommune, Vestland
  7. Uranes naturreservat (utviding) i Kvam herad og Voss herad, Vestland
  8. Sagbekkskåra naturreservat i Engerdal kommune, Innlandet
  9. Lekjenndalen naturreservat i Engerdal og Trysil kommunar, Innlandet
  10. Stenmyra naturreservat (utviding) i Trysil kommune, Innlandet
  11. Engene naturreservat i Nord-Odal kommune, Innlandet
  12. Skjærberget naturreservat i Rendalen kommune, Innlandet
  13. Misterlia naturreservat (utviding) i Rendalen kommune, Innlandet
  14. Krokkletten naturreservat i Stor-Elvdal kommune, Innlandet
  15. Skåbudalen naturreservat i Nord-Fron kommune, Innlandet