Regjeringa vernar 16 viktige skogområde

Regjeringa vernar i dag 16 skogområde i tre fylke. Områda er levestad for ei rekkje truga artar. Mange av områda har høge verneverdiar, med lågtliggande og produktiv skog som er spesielt viktig i skogvernet.

- Eg er glad for at vi kan fatte nok eit vedtak om å verne verdifull skog. Vi gjennomfører regjeringas ambisjon om auka skogvern. Satsinga er meir enn dobla frå førre regjeringsperiode. Regjeringa har på åtte år løyvd nær 3,3 milliardar kroner til skogvern, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).    

Frodig bekkedal
Frodig bekkedal med gammel granskog. Fra Rubben naturreservat i Namsskogan kommune. Foto: Foto: Terje Blindheim

Vernevedtaket utgjer til saman om lag 34,9 km2 nytt verneareal der 13,7 km2 er produktiv skog. Alle områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog. 14 av områda ligg i Trøndelag.

Sjå oversiktskart over dei nye verneområda her.

I skogen finn vi meir enn 1100 truga artar og 13 truga naturtypar. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern eit viktig tiltak for å sikre norsk naturmangfald.

Høge verneverdiar

Fleire av områda som no er verna har svært verdifull natur.  Det gjeld mellom anna Rognhaugen i kommunane Hurdal og Gran, der ein finn storvaksen granskog med daud ved i ulike nedbrytningsstadiar. Området er viktig for trua artar som til dømes huldrestry og gul snyltekjuke som her har viktige førekomstar.

Rik vegetasjon med gammel alm i Kvernvasselva naturreservat.
Rik vegetasjon med gammel alm i Kvernvasselva naturreservat. Foto: Terje Blindheim

Kvernvasselva naturreservat i Nærøysund kommune er eit rikt område der ein finn både boreal regnskog, sumpskog, edellauvskog og boreal lauvskog. I området lever ei rekkje sjeldne og raudlista artar.

Kvamsfjellet naturreservat i Steinkjer kommune er no utvida og omfatter heile 38 kvadratkilometer. Naturreservatet er svært variert og har store areal med kalkgranskog og høgstaudeskog, og mange område med rik og ekstremrik slåttemyr og slåttemark. Området er rikt på orkidear og krevjande lavartar som lever på svært gamle tre. Naturreservatet er eit av dei mest verdifulle områda av denne typen i landet.

Stor interesse for frivillig skogvern

Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og har vore svært vellukka. Til no er om lag 710 skogområde verna i dette samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og ein vil arbeide vidare med å verne mange nye område dei næraste åra.

- Det er svært positivt at så mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan denne innsatsen frå skogeigarane hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Mål og prioriteringar i skogvernet


I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket også bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:
• Et representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
• Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.

Verneforslaget vil også bidra til å nå FNs berekraftmål nr. 15, Livet på land.  Det er no verna om lag 5,1 prosent av all skog og 3,8 prosent av den produktive skogen i Noreg. Framover vil ein prioritere vern av lågtliggande og høgproduktiv skog som er viktig for raudlista artar og naturtypar.

Bilde av gammel fuktig granskog ved Mjøsund naturreservat
Gammel fuktig granskog med død ved. Fra utvidelsen av Mjøsund naturreservat. Foto: Terje Blindheim

Kva er frivillig skogvern ?

Ved frivillig vern av skog definerer miljøstyresmaktene kva for skogtypar og skogareal som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigarar areal for vern. Miljøstyresmaktene tar stilling til om skogen har naturfaglege kvalitetar som tilseier at den bør vernast, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram ein avtale om frivillig vern. Skogeiegar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil få erstatning for tapet av framtidig inntekt frå skogbruk i området.

Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan han eller ho trekke seg undervegs i verneprosessen.

 

Område som i dag er verna som naturreservat:

  1. Klingerhaugen naturreservat i Stange kommune, Innlandet
  2. Rognhaugen naturreservat i Gran kommune i Innlandet og Hurdal kommune i Viken
  3. Kvernvasselva naturreservat i Nærøysund kommune, Trøndelag
  4. Synnes naturreservat i Nærøysund kommune, Trøndelag
  5. Mjøsund naturreservat (utvidelse) i Nærøysund kommune, Trøndelag
  6. Rubben naturreservat i Namsskogan kommune, Trøndelag
  7. Memorgotuva naturreservat i Grong kommune, Trøndelag
  8. Sandtjønnhaugen naturreservat i Høylandet kommune, Trøndelag
  9. Blomliseteren naturreservat i Snåsa kommune, Trøndelag
  10. Lystjønna naturreservat i Steinkjer kommune, Trøndelag
  11. Kvamsfjellet naturreservat (utvidelse) i Steinkjer kommune, Trøndelag
  12. Dalhalla naturreservat i Steinkjer kommune, Trøndelag
  13. Kringåsen naturreservat (utvidelse) i Stjørdal kommune, Trøndelag
  14. Kongrosletta naturreservat i Stjørdal kommune, Trøndelag
  15. Svarttjønnåsen og Gullaugtjønnberga naturreservat (utvidelse) i Melhus og Midtre Gauldal kommuner, Trøndelag
  16. Resdalen naturreservat i Orkland kommune, Trøndelag

Les meir om verneområda og sjå detaljerte kart på heimesidene til Miljødirektoratet her.