Regjeringa vernar 28 viktige skogområde

Regjeringa vernar 28 skogområde i sju fylke. Områda er levestad for ei rekkje truga artar. Mange av områda har svært høge verneverdiar, med lågtliggande og produktiv skog som er spesielt viktig i skogvernet.

- Vi skal verne dei viktigaste skogareala for å betre tilhøva for dei truga artane og naturtypane. I skogen har vi meir enn 1100 truga artar og 13 truga naturtypar. Hundrevis av insektartar, soppartar og enkelte fuglar er avhengige av daud ved og gamal skog. Difor er skogvern så viktig, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Gammel skog i Suldal
Gamle styva eiketre i Hylsskaret naturreservat i Suldal kommune. Foto: L. E. Høitomt

Vernevedtaket utgjer til saman om lag 82 km2 nytt verneareal med 52 km2 produktiv skog. Alle områda inngår i arbeidet med frivillig vern av privateigd skog.

Meir informasjon om verneområda på Miljødirektoratets heimeside

Satsinga på skogvern er meir enn dobla frå førre regjeringsperiode. Frå og med 2014 er det løyvd om lag 2,85 milliardar kroner til skogvern.

Svært høge verneverdiar

Fleire av områda som no er verna har svært verdifull natur.  Dette gjeld mellom anna Hylsskaret naturreservat i Suldal kommune, som går heilt ned til fjorden. Her finn vi stor variasjon, frå varmekjær edellauvskog til gamal furuskog og bekkekløfter med høg luftfuktigheit. Ei rekkje truga og sjeldne artar lever i området. 

Urfjellsheia og Dalsheia naturreservat i Risør kommune ligg om lag 9 kilometer nordvest for Risør by. Området har viktige vernekvalitetar som rik edellauvskog med innslag av eik-lindeskog, alm-lindeskog, rasmarklindeskog og gamal barskog.

Heggshuselva i Østre Toten kommune er ei variert bekkekløft med rike skogtypar som kalkgranskog, kalk- og lågurtfuruskog, høgstaudegranskog, rik gransumpskog og gråor-heggeskog i tillegg til bergveggar med kalk. Området er viktig for mellom anna kalkkrevjande sopp og mosar.

Skjeggedalsheii naturreservat i kommunane Åmli og Froland skil seg ut ved å ha eit stort samanhengande areal med gamal og til dels storvaksen furuskog. Det er innslag av lågurt-eikeskog med mange sjeldne artar som lever i gamal eik. 

Stor interesse for frivillig skogvern
Samarbeidet om frivillig vern av privateigd skog starta i 2003, og har vore svært vellukka. Til no er om lag 670 skogområde verna i dette samarbeidet mellom miljøstyresmaktene og skogeigarorganisasjonane. Interessa for frivillig vern av privateigd skog er stor, og ein vil arbeide vidare med å verne mange nye område dei næraste åra.

- Det er svært positivt at mange skogeigarar tilbyr frivillig vern. Utan innsatsen frå skogeigarane og deira organisasjonar hadde vi ikkje fått verna så mykje skog, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Mål og prioriteringar i skogvernet
I tillegg til å bidra til målet om 10 prosent skogvern, vil vernevedtaket også bidra til å nå to nasjonale mål for naturmangfald:
• Et representativt utval av norsk natur skal takast vare på for komande generasjonar.
• Ingen artar og naturtypar skal utryddast, og utviklinga til truga og nær truga artar og naturtypar skal betrast.

Det er no verna om lag 5,1 prosent av all skog og 3,9 prosent av den produktive skogen i Noreg. Framover vil regjeringa prioritere vern av lågtliggande og  høgproduktiv skog som er viktig for raudlista artar og naturtypar.

Forskrifter for verneområda

Kongeleg resolusjon 

 

  1. Fjøseid i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal fylke
  2. Vasselen i Tingvoll kommune, Møre og Romsdal fylke
  3. Todalsdalen i Aure kommune, Møre og Romsdal fylke – Utviding
  4. Ospehaug i Fjaler kommune, Vestland fylke
  5. Geitanosi i Aurland kommune, Vestland fylke
  6. Øyna i Suldal kommune, Rogaland fylke
  7. Hylsskaret i Suldal kommune, Rogaland fylke
  8. Vikaneset i Sauda og Suldal kommuner, Rogaland fylke – Utviding
  9. Skurvedalen i Sandnes kommune, Rogaland fylke – Utviding
  10. Landdalen i Hægebostad kommune, Agder fylke
  11. Eiersland i Lyngdal kommune, Agder fylke
  12. Grøneliane i Birkenes og Evje og Hornnes kommuner, Agder fylke – Utviding
  13. Skjeggedalsheii i Åmli og Froland kommunar, Agder fylke
  14. Urfjellheia og Dalsheia i Risør kommune, Agder fylke
  15. Oppsaljuvet i Hjartdal komune, Vestfold og Telemark fylke
  16. Grøum i Tønsberg kommune, Vestfold og Telemark fylke
  17. Haverstingen i Flå, Ringerike og Krødsherad kommuner, Viken fylke – Utviding
  18. Dælen i Jevnaker kommune, Viken fylke
  19. Igulsrud i Jevnaker kommune, Viken fylke – Utviding
  20. Tretjernhøla i Lørenskog kommune, Viken fylke
  21. Løkenesskogen i Asker kommune, Viken fylke – Utviding
  22. Skaugumsåsen og Åstad i Asker kommune, Viken fylke – Utviding
  23. Ødemørk i Vestby kommune, Viken fylke
  24. Skjønsbergaksla, Brekkekampen og Høgberget i Øyer kommune, Innlandet fylke
  25. Heggshuselva i Østre Toten kommune, Innlandet fylke
  26. Drevdalen i Trysil kommue, Innlandet fylke – Utviding
  27. Hanestadvola i Rendalen kommune, Innlandet fylke – Utviding
  28. Petersætra og Trestikledalen i Drammen og Holmestrand kommunar, Viken og Vestfold og Telemark fylker

Ved frivillig vern av skog definerer miljøstyresmaktene kva for skogtypar og skogareal som bør vernast. Ut frå dette tilbyr skogeigarar areal for vern. Miljøstyresmaktene tar stilling til om skogen har naturfaglege kvalitetar som tilseier at den bør vernast, og deretter forhandlar skogeigar og staten fram ein avtale om frivillig vern. Skogeigar avstår retten til å drive skogbruk i naturreservatet, og vil få erstatning for tapet av framtidig inntekt frå skogbruk i området.

Normalt er jakt, fiske og hausting av bær og sopp tillate. Skogeigar har framleis eigedomsretten og jakt- fiske og beiterettar i området. Eventuelle hytter eller setrar kan han eller ho bruke og vedlikehalde som før. Dersom skogeigar ikkje er nøgd med utfallet kan han eller ho trekke seg undervegs i verneprosessen.