– Arbeidarparti-regjeringa har gjennomført eit historisk løft for barnefamiliar i heile landet. Aldri før har maksprisen i barnehage vore så låg som nå. Vi held løftet vårt om at maksprisen ikkje skulle auke i denne regjeringsperioden, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Regjeringa foreslår å bruke 105,8 millionar kroner på å fryse maksprisen på 1 200 kroner per månad. Det er framleis søskenmoderasjon med redusert foreldrebetaling for det andre barnet, og gratis barnehage for det tredje barnet når barna går i barnehagen samtidig.

– For ikkje mange år sidan kosta ein barnehageplass over 3 000 kroner per månad. No kostar den maksimalt 1 200 kroner. Ein familie med eit barn i barnehage vil spare over 33 000 kroner i året samanlikna med Solberg-regjeringa sin siste makspris frå 2021. Ein familie med to barn sparrr nesten 57 000 kroner i året, seier Nordtun.

Sidan 2022 har regjeringa brukt totalt nesten 8 milliardar kroner, prisjustert til 2027-kroner, på lågare makspris i barnehagen.

– Ingen barn skal bli haldne utanfor barnehagen fordi foreldra ikkje har råd. Lågare barnehageprisar gjer at fleire kan delta i den fellesskapen som barnehagen er. Barnehagen er ein unik arena for inkludering, som bidreg til å jamne ut forskjellar og gir barn likare moglegheit i oppveksten. Det er bra for alle, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun.

Familiane skal framleis ikkje betale meir enn seks prosent av samla skattbar inntekt for ein barnehageplass. Ordninga med gratis kjernetid 20 timer i veka for barn i alderen 2–5 år frå familiar med låg inntekt vil halde fram.

Makspris i barnehage

I statsbudsjettet for 2023 reduserte regjeringa maksimalprisen for foreldrebetaling til under nivået frå barnehageforliket. I statsbudsjettet for 2024 blei prisen redusert ytterlegare til 2 000 kroner per månad nasjonalt, og 1 500 kroner per månad i kommunar i sentralitetssone 5 og 6.

I statsbudsjettet for 2025 blei maksimalprisen vidareført nominelt, og i revidert budsjett blei han satt ned til 1 200 kroner per månad nasjonalt og 700 kroner per månad i sentralitetssone 5 og 6.

I statsbudsjettet for 2026 blei maksimalprisen vidareført nominelt, og det same er foreslått i statsbudsjettet for 2027.