Statsbudsjettet 2027:
Regjeringa vil auke eigendelen for båretransport og auke gravferdsstønaden
Pressemelding | Dato: 07.10.2026 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Regjeringa foreslår at buet skal dekkje ein større del av utgiftene til båretransport i samband med gravferd. Samtidig foreslår regjeringa å auke den behovsprøvde gravferdsstønaden, slik at dei som har lite eller ingen midlar, kjem likt eller betre ut.
Utgiftene til båretransport har meir enn dobla seg på fire år, frå 187 millionar kroner i 2021 til 402 millionar kroner i 2025. Auken er større enn det som kan forklarast med generell prisvekst, fleire dødsfall og endra transportbehov.
– Buet vil med endringane ta ein litt større del av rekninga. Samtidig sørgjer vi for at dei som har minst å rutte med, kjem likt eller betre ut, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.
Dette foreslår regjeringa
Den behovsprøvde gravferdsstønaden aukar med over 6 000 kroner, frå 30 898 til 37 000 kroner. Samtidig aukar eigendelen for båretransport frå 10 til 20 prosent av satsen for gravferdsstønad. Det betyr at eigendelen går opp frå 3 090 til 7 400 kroner.
Auken i den behovsprøvde gravferdsstønaden er dermed større enn auken i eigendelen ved båretransport. Dødsbu med lite eller ingen midlar vil difor kome likt eller betre ut enn i dag.
Endringane skal gjelde for dødsfall etter 31. desember 2026.
Sidan transport i samband med kremasjon blir dekt, får mange i sentrale strok også stønaden. Eigendelen er den same i heile landet, og dei som har lange transportavstandar, får dekt alle nødvendige transportutgifter utover eigendelen.
Heilskapeleg gjennomgang
Regelverket for stønad til båretransport har i hovudsak stått uendra dei siste tiåra, samtidig som utgiftene har auka kraftig. Arbeids- og inkluderingsdepartementet har difor starta ein heilskapleg gjennomgang av ordninga.
Målet er gode insentiv i gravferdsnæringa, effektiv ressursbruk og føreseielege utgifter både for etterlatne og for folketrygda.
– Vi meiner det er gode grunnar til å innføre desse justeringane no, sjølv om vi har eit heilskapleg arbeid på gang. Eventuelle større endringar vil kunne ta tid å gjennomføre, avsluttar Stenseng.