Statsbudsjettet 2021:

Regjeringa vil bruke 100 millionar for å løfte norsk eksport

Regjeringa foreslår 100 millionar kroner for å styrkje norsk eksport i statsbudsjettet for 2021.

– Vi vil at fleire konkurransedyktige bedrifter og næringar skal eksportere varar og tenester som er etterspurde i verdsmarknadene. Regjeringa legg no pengar på bordet, medan norsk næringsliv skal bidra med ressursar og kompetanse. Det er bedriftene som eksporterer, og tett samarbeid med næringslivet er heilt avgjerande for å lukkast med eksport, seier næringsminister Iselin Nybø.

Situasjonen for norske eksportørar var utfordrande før koronakrisa, med aukande proteksjonisme og meir konkurranse i marknadene. Regjeringa kom nyleg med ein eksporthandlingsplan for å løfte utanrikshandelen og auke verdiskapinga i Noreg.

– Mange eksportbedrifter er no i ein ekstraordinær situasjon. Difor må vi ha ei strategisk satsing på eksport som sikrar fleire bein å stå på over heile landet, seier næringsminister Nybø.

Inviterer næringsliv til styrkt strategisk samarbeid

Regjeringa vil samle kompetanse i ei ny eining for eksportfremme som går under arbeidsnamnet Business Norway. Hausten 2020 vil Nærings- og fiskeridepartementet også etablere dialog med ei gruppe representantar frå næringslivet.

Næringslivsgruppa skal gi råd og innspel til arbeidet med Business Norway. Utgangspunktet er å samle kompetanse frå relevante aktørar og skape eit tettare samarbeid mellom verkemiddelaktørar, bransjeorganisasjonar, klynger, næringsliv og utanriksstasjonane om eksport.

Regjeringa foreslår å styrkje arbeidet med eksportfremme med 75 millionar kroner, i tillegg til å styrkje klyngeprogrammet med 20 millionar kroner. Regjeringa foreslår løyving til dette over Nærings- og fiskeridepartementet sitt budsjett. Arbeidet med å fremme kultureksport styrkast med 5 milionar kroner.  Regjeringa foreslår løyving til dette over Kulturdepartementet sitt budsjett.