Stortinget har totalt løyvd nær fire milliardar kroner til Vikingtidsmuseet.

– Museet blir verdas beste formidlingsarena for kunnskap om vikingtida, og vikingtidssamlinga blir trygt bevart for framtida, seier forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Utløyser privat finansiering

For å sikre eit best mogleg museum for flest mogleg, har regjeringa oppfordra Universitetet i Oslo (UiO) til å skaffe privat finansiering. No har UiO lykkast med å få finansiert blant anna auditorium, formidlingsareal til barn og unge, og arbeidsplassar for forskarar frå private kjelder. Dette er delar av Vikingtidsmuseet som kjem i tillegg til byggeprosjektet Stortinget har vedteke.

For å utløyse den private finansieringa må ein del infrastruktur etablerast, og det sikrar regjeringa no.

– No er vi nøyaktig der vi ønska å vere: Vi har fått kostnadene under kontroll i eit svært krevjande og komplekst prosjekt. Universitetet i Oslo har gjort ein kjempejobb med å mobilisere privat finansiering. Derfor foreslår regjeringa no at Stortinget løyver 50 millionar kroner som mogleggjer privat finansiering i stort omfang, seier Hoel.  

Om det nye Vikingtidsmuseet

  • Prosjektet Nytt vikingtidsmuseum er ei utviding og ombygging av det eksisterande Vikingskipshuset på Bygdøy.
  • Det nye museet skal sikre vikingtidssamlinga for framtida, og blir ein arena for formidling og forsking på vikingtida.
  • Vikingtidsmuseet fekk startløyving i statsbudsjettet for 2020.
  • Kostnadsramma til prosjektet er no på nær fire milliardar kroner.